Publisert: 01.03.2013

Februar 2013: Mild i Finnmark, kald på Vestlandet

Delar av Finnmark var 3-4 °C over normalen for februar. Størst negativt avvik hadde einskilde stasjonar på Vestlandet med 2 -3 °C under.

Månadstemperaturen for heile landet var 0,2 °C over normalen.

Sjå heile februar-oversikta her.

Lufttemperatur - februar 2013. Klikk for å komme til rapport.
Dei høgaste månadstemperaturane kom langs kysten av Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Dei
varmaste stasjonane var:

  • Svinøy fyr (Herøy, Møre og Romsdal) 2,7 °C (som normalt)
  • Ona II (Sandøy, Møre og Romsdal) 2,3 °C (0,2 °C under)
  • Kråkenes (Vågsøy, Sogn og Fjordane) 2,3 °C (0,2 °C under)

Dei lågaste månadstemperaturane kom i høgareliggande strøk i Sør-Noreg. Dei kaldaste stasjonane var:

  • Leirflaten (Sel, Oppland, 599 moh) –13,5 °C (ingen normal enno)
  • Sandhaug (Eidfjord, Hordaland, 1250 moh) –12,3 °C (ingen normal enno)
  • Finsevatn (Ulvik, Hordaland, 1210 moh) –11,7 °C (1,8 °C under normalen)

Høgaste maksimumstemperatur kom på Konsmo – Høyland (Audnedal, Vest-Agder) med 11,6 °C den 27.
Cuovddatmohkki (Karasjok, Finnmark) målte den lågaste minimumstemperaturen i landet med –35,4 °C den 8.
februar. Vi må tilbake til 2005 for å finne høgare verdi for lågaste minimumstemperatur. Då var Karasjok kaldast med -34,5 °C.

Månadsnedbøren for Noreg var 75 % av normalen.

Relativt våtast var det i delar av Nordland, Troms og Finnmark med 150 – 200 %. Relativt tørrast var det i Agder-fylka, Telemark og Buskerud med berre 10 til 25 % av den normale nedbøren.

Stasjonane med mest nedbør:

  • Lurøy (Nordland) 267,4 mm (136 % av normalen)
  • Liafoss (Nærøy, Nord-Trøndelag) 234,5 mm (160 %)
  • Sulitjelma (Fauske, Nordland) 197,8 mm (213 %)

Dei tørraste stasjonene var:

  • Notodden (Telemark) 5,9 mm (19 % av normalen)
  • Ål III (Buskerud) 6,3 mm (23 %)
  • Rjukan (Tinn, Telemark) 6,4 mm (16 %)

Lurøy (Nordland) målte størst døgnnedbør av stasjonane i denne oversikta med 67,9 mm 26. februar.
Nedbørstasjonen Mauranger kraftstasjon (Kvinnherad, Hordaland) målte imidlertid 73,4 mm den 5.

 Sjå heile februar-oversikta her.

  "Normalen" - Dagens normalperiode er 1961 - 1990 og blir brukt til samanlikning for alle meteorologiske data.
Les meir om normalar i Met-Lex.

For meir informasjon om månadsstatistikken (for pressa):
Kontakt Klimavakten, tlf 22 96 30 59 (kontortid 08 - 1545).
Etter kontortid er vakthavande meteorolog tilgjengeleg på
tlf 22 96 30 00
Bookmark and Share
Idium Portalserver 3.0Idium webpublisering