Rekordsmelting i Arktis, fleire ekstremvêrhendingar og høge temperaturar

Globalt var alle åra frå 2001 til 2011 blant dei varmaste som nokon gong har vore målt. Dei fyrste ti månadene av 2012 indikerer at dette året heller ikkje blir eit unnatak. For Noreg sin del ligg 2012 an til å bli både våtare og varmare enn normalt.

Trass ein La Niña-hending (som gir ein avkjølande effekt) på begynninga av året var 2012 globalt det 9. varmaste året ved inngangen til november. Årets isutbreiing i Arktis er den minste nokosinne, og mengda is var også den lågaste. Globalt var alle åra 2001 - 2011 blant dei varmaste som nokon gong har vore målt.

Det er WMO som fortel dette i den årlege globale klimastatusen sin. Den blei publisert i dag i samanheng med den internasjonalen klimakonferansen (COP18/CMP8) i Doha, Qatar. Toppmøtet som varer frå 26. november til 7. desember skal følgje opp resultata frå Durban i 2011 når det gjeld:

1) ny periode for forplikting under Kyotoprotokollen, 2) oppfølging og gjennomføring av Cancún-avtalen og 3) utvikling av ein juridisk bindande avtale for alle land frå 2020 samt ein arbeidsplan for auka utsleppsreduksjonar før 2020.

Januar-oktober

Klimastatusen byggjer på innrapporterte data frå heile verda, i perioden januar-oktober 2012. På denne bakgrunnen ser ein at den globale temperaturen no ligg 0.45 °C over temperaturnormalen frå 1961–1990. Dette gjer 2012 til det 9. varmaste året i rekkja.

La Niña kjølte ned

Året begynte med ein svak til moderat sterk La Niña, som utvikla seg i den tropiske delen av Stillehavet i 2011. Verfenomenet hadde, i følgje WMO, ein avkjølande effekt på det globale klimaet i byrjinga av året. Etter at La Niña slutta i april 2012, steig den globale temperaturen gradvis kvar månad både på land og i havet, og seks-månaders-perioden mai - oktober blei blant dei fire varmaste slike periodane som nokon gong er målt.

- Naturlege klimavariasjonar på grunn av fenomen som El Niño og La Niña påverkar temperaturen og nedbøren på ein tidsskala frå sesong til år. Men dei endrar ikkje den underliggjande langtidstrenden av stigande temperatur som skuldast klimaendringar forårsaka av menneskelege aktivitetar», seier WMO sin generalsekretær Michel Jarraud.

Isen i Arktis

Isutbreiinga i Arktis har nått eit nytt minimum. Den alarmerande farten som isen har smelta med denne året setteren søkjelys på storskala-endringane som held på å skje i jorda sitt hav og biosfære. Klimaendringar skjer framfor auga våre og dei vil fortsetje å gjere dette som eit resultat av drivhusgasskonsentrasjonen i atmosfæren, som har auka jamleg og igjen nått nye rekordar, legg Jarraud til.

Isutbreiinga i Arktis nådde minimumet sitt den16. september i år, med 3.41 millionar kvadratkilometer. Dette var 18 % mindre enn den førre minimumsrekorden frå 18. september 2007. Minimumsverdien i 2012 var 49 % under botngjennomsnittet for perioden 1979-2000.

Ekstremvêrhendingar

Orkanen Sandy i USA og tyfonen Sanba i Øst-Asia var berre to av mange ekstremvêrhendingar som inntrefte i januar – oktober 2012. I tillegg til eit stor mengd tropiske syklonar blei dei registrert fleire hetebølgjer, tørke-episodar, kulde-ekstremar og store overfløymingar.

WMO lanserer 4. desember 2012 ein 10-års rapport om statusen på klimaet: “2001-2010, A Decade of Extremes”. Denne blei produsert i samarbeid med andre FN- og internasjonale institusjonar og framhever oppvarmingstrenden for heile planeten, kontinenta og hava det siste ti-året. Den gir også klare indikasjonar om konsekvensar for helse, matvaretryggleik og sosio-økonomisk utvikling.  

Noreg 2012

For Noreg sin del ligg 2012 an til å bli varmare enn normalt og blant dei 20. våtaste åra sidan år 1900. På Svalbard ligg året 2012 an til å bli eitt av dei varmaste sidan målingane starta.

Gjennomsnittstemperaturen for Noreg låg ca. 0.5 °C over normalen i perioden januar - oktober. Året 2012 ligg an til å bli eitt av dei varmaste åra i Longyearbyen-området sidan dei meteorologiske målingane starta for hundre år sidan. Hittil i år er middeltemperaturen her 4.7 °C høgare enn middelverdien for normalperioden 1961-1990, og det er berre 2006 som har vore varmare.

Det har i Noreg vore ein av dei 20. våtaste januar-oktober-periodane som er målte dei siste 110 åra, og vi ligg 115 % over nedbørnormalen så langt. Tala for november ser ikkje ut til å endre vesentleg på dette.

Det våtaste året som har blitt målt var 2011 med 130 % over normalen. I serien som går tilbake til 1900 var dette året, saman med 1990 og 2006 også det varmaste året, med 1.8 °C over normalen.

Sjå pressemelding frå WMO

Sjå statemeint fra WMO

Sjå Noreg sine posisjonar til klimakonferansen i Doha

 

Fridtjovbreen på Spitsbergen. Foto: Ketil Isaksen, met.no

 

Bookmark and Share
Idium Portalserver 3.0Idium webpublisering