Svalbard lufthavn på Spitsbergen

Stasjonen ligg no på flyplassen nær Isfjorden ikkje langt frå Longyearbyen på Spitsbergen og har arktisk klima. Området der stasjonen ligg er flatt, men med fjell ikring. Stasjonen har data frå 1912.

Før 1974 kjem dataa frå andre målestasjonar på Spitsbergen, men dei er justerte slik at dei skal gjelde for Svalbard lufthamn (foto met.no, 2004).

Einskilde år

Svalbard lufthavn vêrstasjon på Spitsbergen. Her blir instrumenta inne i vêrhuset kontrollerte Foto: met.no. (Klikk på biletet for å få det større.)
Som i resten av landet var 1930-åra svært milde på Svalbard, og temperaturstigninga frå starten av mælingane i 1912 var formidabel. Ikkje noko år på 1930-talet hadde lågare temperatur enn middelet til heile temperaturrekkja. Varmaste åra kom då likevel ikkje på 1930-talet, men i 2006 (–1,7 gradar), i 2007 med -2,5 gradar, i 2005 –3,0 gradar og i 1984 –3,1 gradar.

 

Av kalde år skil 1917 seg ut som eit ekstremår, då temperaturen i middel var –12,2 gradar. Etter slik kulde skal det noko til å koma nær den gamle rekorden, sidan drivhuseffekten har auka monaleg sidan den tid. Lat det likevel vera nemnt at middelet for 1968 var så lågt som –10,1 gradar. Dette er eitt av tre år at middeltemperaturen har vore under –10 gradar.

Tiårsvariasjonar

Vurdert etter ein tiårsskala, sjå kurva, er temperaturen på Spitsbergen høgare no enn nokon gong før. Det er vorte ein ny rekord på 2000-talet, men vi veit enno ikkje kor høg rekorden vil bli, eller eksakt år for maksimumspunktet på kurva. Den før omtala kalde starten på mæleserien dominerer også på denne tidsskalaen, men ein må også merkje seg den låge temperaturen på 1960-talet.

I diagrammet for Svalbard finn ein att karakteristiske kjennemerke frå hovudlandet, slik som maksimalpunktet på 1930-talet vurdert etter ein tiårsskala. Dei lokale maksima og minima fell i det store og heile innafor dei same tiåra som på hovudlandet. Det tyder at dei same klimaregima styrer utviklinga både i hovudlandet og på Svalbard. Eit unntak frå dette er 1950-åra, då det var varmt på Svalbard, medan det ikkje var noko lokalt maksimum i resten av landet.

Under kan du sjå på grafar for sesongar og månader 

Temperaturauke og trendar

  • Sidan starten i 1912: auke 2,2 gradar, trend = 0,22 gradar per tiår.
  • Siste 50 år: auke 3,2 gradar, trend = 0,65 gradar per tiår.

Alle temperaturtrendane er statistisk sikre.

Bookmark and Share
Idium Portalserver 3.0Idium webpublisering