Om Meteorologisk institutt

Meteorologisk institutt varslar vêret, overvakar klimaet og driv forsking. Sidan instituttet blei etablert i 1866, har norske meteorologar stått sentrale i utviklinga av faget. Meteorologisk institutt er i dag eit leiande internasjonalt kompetansemiljø.

Moderne meteorologi byr på store og spennande faglege utfordringar - for å formidle informasjon om vêr og klima til ulike brukargrupper er det fleire faggrupper som bidrar. Frå innsamlinga av vêrdata, handtering og analysa av enorme datamengder, fram til forståinga av korleis ein kan presentere dette for brukarane slik at dei kan gjere seg nytte av informasjonen.

Meteorologisk institutt utviklar og leverer ei lang rekkje nyttige tenester: Vi sørgjer for at redningshelikopter kjem trygt fram. Våre klimadata blir brukte til dimensjonering av Noreg, og kvar dag er yr.no ein del av planlegginga til folk.

Felles for alt arbeidet vårt er hovudformålet - å sikre liv og verdiar.

Organisering

Meteorologisk institutt er eit statleg forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet. Instituttet blir leidd av eit styre. Direktøren tek hand om den daglege leiinga av instituttet.

Meteorologisk institutt har hovudkontor i Oslo og er organisert i fem divisjonar: Vêrvarslingsdivisjonen, observasjons- og klimadivisjonen, senter for utvikling av varslingstenesta, FoU-divisjonen og IT-divisjonen. To einingar støttar dessutan direktøren i arbeidet hans: eining for økonomi og styring og eining for organisasjon og samfunn. Vêrvarsla kjem frå vervarslingsdivisjonen som held til i Tromsø, Bergen og Oslo.

Formålet til instituttet

Vedtektene er fastsette ved kongeleg resolusjon den 9. desember 2005. Dei faglege oppgåvene til instituttet er oppsummerte her:

§ 1 Formål

Meteorologisk institutt står for den offentlege meteorologiske tenesta for sivile og militære formål. Instituttet skal arbeide for at styresmakter, næringslivet, institusjonar og allmenta blir best mogleg i stand til å sikre liv og verdiar, planleggje framover og verne miljøet. Instituttet skal mellom anna:

a) utarbeide vêrvarsel
b) studere klimaet i Noreg og gi klimatologiske utgreiingar
c) innhente meteorologiske data i Noreg, nærliggjande havområde og på Svalbard
d) drive forskings- og utviklingsarbeid
e) levere flyvêrtenester
f)  formidle resultata av arbeidet dei gjer
g) utføre oppdrag og yte spesialtenester
h) delta i det internasjonale meteorologiske samarbeidet


Bookmark and Share
Idium Portalserver 3.0Idium webpublisering
Nettstedssikkerhet