svalbard-stort
Mild og nedbørrik februar på Svalbard. Foto: Nuno Cruz

Februar 2017: Mildt i heile landet

Månadstemperaturen for heile landet låg 2,7 °C over normalen. Dei største avvika over normalen var på Finnmarksvidda, indre delar av Nord-Trøndelag og på Austlandet. Månadsnedbøren var som normalen, men veldig spreit fordelt i landet. Relativt våtast var det på Finnmarksvidda og på Sørlandet.

Heile månadsrapporten "Været i Norge - februar 2017" finn du her (pdf). 

Lufttemperatur

Månadstemperaturen for heile landet låg 2,7 °C over normalen. Dei største avvika over normalen var på Austlandet og Finnmarksvidda.

Dei varmaste stasjonene var

  • Ytterøyane fyr (Flora, Sogn og Fjordane) og Svinøy fyr (Herøy, Møre og Romsdal) med 4,2 °C (1,9 °C og 1,5 °C over normalen)
  • Kråkenes (Vågsøy, Sogn og Fjordane) 4,1 °C (1,6 °C over normalen)
  • Ona II (Sandøy, Møre og Romsdal) 4,0 °C (1,5 °C over normalen)

Dei kaldaste stasjonane var

  • Karasjok-Markannjarga (Finnmark) -12,9 °C (2,5 °C over normalen)
  • Suolovuopmi - Lulit (Kautokeino, Finnmark) -12,3 °C (1,4 °C over normalen)
  • Kautokeino (Finnmark) -12,0 °C (2,8 °C over normalen)

Høgaste maksimumstemperatur, 13,4 °C, blei registrert 3. februar på Svelgen II (Bremanger, Sogn og Fjordane). Lågaste minimumstemperatur var -33,9 °C, og blei målt på Suolovuopmi - Lulit (Kautokeino, Finnmark) 19. februar.

Nedbør

Månadsnedbøren var som normalen, men spreidd fordelt i landet. Relativt våtast var det på Finnmarksvidda og på Sørlandet.

Dei våtaste stasjonene var

  • Gullfjellet (Bergen, Hordaland) 291,7 mm (ingen normal)
  • Hundseid i Vikedal (Rogaland) 254,6 mm (139 % av normalen)
  • Haukeland - Storevatn (Masfjorden, Hordaland) 248,8 mm (ingen normal)

Dei tørraste stasjonene var

  • Skjåk II (Oppland) 2,8 mm (23 % av normalen)
  • Skjåk (Oppland) 5,8 mm (39 % av normalen)
  • Gol - Stake (Buskerud) 9,3 mm (44 % av normalen)

Høgaste døgnnedbør var 71,4 mm, og blei målt på Lurøy (Nordland) 13. februar.

Normalen

Normalar er gjennomsnittsverdi over ei bestemt 30-års periode. I dag brukar vi normalane for 1961-1990. 

Les meir om normal i Store Norske Leksikon.