MET utpeikt som nasjonal ytar av flyvêrtenester
Den nye utpeikinga vil vere løpande frå nyttår og ha to års oppseiingsfrist. Dette går fram av utpeikingsbrevet frå Samferdselsdepartementet tysdag denne veka.
- Utpeikinga inneber at MET pliktar å redusere driftskostnadane på samtlege flyvêrtenester. Dette kravet kjem som eit resultat av dei forpliktingane som følger av ytingskrava i regelverket om Det felles europeiske luftrommet.
- Utpeikinga inneber også at andre enn Avinor skal ha rett til å inngå avtale om kjøp av flyvêrtenester ved MET.
- I tillegg inneheld vedtaket nye krav til fordeling av kostnadar og dokumentasjon for korleis kostnadane er fordelte.
– Gledeleg
– Utpeikinga er svært gledeleg og kjem etter godt arbeid i heile flyvêrtenesta. Eg vil særleg peike på det arbeidet som blir gjort i den daglege styringa og med dei kvalitetssikringssystema som blir brukte. Vår nylege resertifisering av flyvêrtenesta gir også Samferdselsedepartementet stor tryggleik for at vi leverer som vi skal, seier vêrvarslingsdirektør Bård Fjukstad.
MET har i prosessen spelt inn at det er positivt at utpeikinga skjer på ubestemt tid. Dette gir oss ein lengre planleggingshorisont og gjer det lettare for oss å treffe langsiktige tiltak.
Instituttet har sidan 2010 hatt ein gjennomsnittleg reduksjon i kostnadane for den sivile flyvêrtebesta med omtrent tre prosent i året, fortel Fjukstad.
– Dette er eit nivå vi kan forvente at vi må halde fram å effektivisere oss med. Men det er klart at dette ikkje vil vere mogleg for all framtid.
Det er ein politisk føresetnad at alle som yter flysikringstjenester må bidra til at desse blir leverte på ein kostnadseffektiv måte, ifølge departementet.