Norsk forskingsprosjekt viser verda korleis ein handterer havdata
Når forskarar samlar data frå havet, blir mengdene enorme. Men korleis sørger ein for at desse dataa ikkje forsvinn i eit datakaos? Forskarar frå Noregs største forskingsprosjekt har no utvikla ein modell som viser resten av verda korleis det kan gjerast.
I mange prosjekt blir data liggjande på harddiskar, med uklare filnamn og ufullstendige metadata.
– Det hjelper lite å samle inn fantastiske data om ingen finn dei att, seier Luke Harry Marsden, datavitar og forskar ved MET.
Ein biolog, ein oseanograf og ein modellør har heilt ulike behov, og dei må kunne bruke kvarandre sine data i framtida.
– Vi måtte finne ut korleis forskarar frå ulike fagfelt kunne snakke same “dataspråk”.
Frå feltarbeid til datasystem
Gjennom det store norske forskingsprosjektet Arven etter Nansen har forskarar frå fleire institusjonar samarbeidd om å utvikle beste praksis for datastyring i marin forsking. Dei har no utarbeidd ein eigen datahandbok, standardar for metadata og system for trygg lagring og deling.
Det gjer at data frå Arven etter Nansen no er opne og tilgjengelege for forskarar over heile verda.
– Vi prøvde, feila og lærte mykje undervegs. Resultatet er eit system som fungerer både i felt og i laboratoriet, fortel Luke.
Erfaringar som kan verte nytta over heile verda
Rettleiinga frå prosjektet er meint som ein mal andre forskingsmiljø kan bygge vidare på.
– Vi håper at våre erfaringar kan inspirere fleire prosjekt til å jobbe meir systematisk med datastyring, seier Luke.
Prosjektet blir òg trekt fram som eit døme på korleis norske forskarar bidreg til den europeiske satsinga på open vitskap.
– Open vitskap handlar ikkje berre om å vere open om det innsamla materialet, men om å sikre at kunnskapen faktisk kan brukast av andre.
Data som varer for alltid
Marsden håper arbeidet deira kan inspirere fleire prosjekt til å ta datastyringa på alvor.
– Vi har brukt år på å samle inn data frå Arktis. Då må vi òg sørge for at dei lever vidare og kan gi ny kunnskap i framtida.
Her finner du meir informasjon om Arven etter Nansen
Handbok og tips finner du i denne publiserte artikkelen:
Best practices for data management in marine science: lessons from the Nansen