Roar Skålin held fram som MET-direktør
Styret for Meteorologisk institutt (MET) har tilsett Roar Skålin som direktør ved MET for ein ny åremålsperiode på seks år frå 1. januar 2023. Han har hatt stillinga sidan 2017.
– Eg er svært nøgd med at Roar går laus på ein ny åremålsperiode som direktør for MET. Han er både fagleg sterk og har dei personlege eigenskapane som stillinga krev, og eg har med meg eit begeistra og samstemt styre når valet fall på Roar, seier styreleiar Kristin Vinje.
Ho framhevar at det har vore ein grundig prosess med innspel frå både eksterne og interne aktørar.
Det var fire søkjarar til stillinga. Firmaet Hartmark Executive Search har hjelpt til med prosessen.
Roar gir uttrykk for at han er svært takknemleg for den tilliten som styret har vist han.
– Dette var ein veldig hyggjeleg beskjed å få rett før sommarferien. Eg gler meg til å halde fram å jobbe saman med alle på MET også i åra som kjem. Jobben som direktør på MET er den mest meiningsfulle jobben eg kan tenkje meg. Kvar dag bidrar vi til å sikre liv og verdiar og i åra som kjem skal vi bidra til å gjøre Noreg tryggare og betre klimatilpassa, seier Roar Skålin.