100 millionar til maritimt senter for kunstig intelligens (KI)
Norwegian Maritime AI Centre (MAI) har no fått status som nasjonalt forskingssenter for kunstig intelligens. Meteorologisk institutt skal medverke til senteret.
Senteret er leia av NTNU og skal utvikle teknologi og auke innovasjonen for maritime aktørar ved bruk av kunstig intelligens.
Meteorologisk institutt skal bidra til senteret med fagmiljøet vårt innanfor vêr- og havmodellering og maskinlæring (ML). Øyvind Breivik, avdelingsleiar for oseanografi og maritim meteorologi (OM) ved Meteorologisk institutt, er svært nøgd.
— Vi kjem no inn i eit stort miljø og vil få høve til å videreutvikle produkta for bølger, straum og stormflo på ein skala som skipsfarten treng, seier Breivik.
Stort samarbeid mellom offentleg og privat sektor

Forskar ved OM/MET, Konstantinos Christakos, skal leie arbeidet frå institusjonen, og han ser fram til eit tett samarbeid med det store fagmiljøet ved senteret. Frå Hav- og is-avdelinga vil også Nick Hughes bidra aktivt i prosjektet.
– Vi er glade for å vere ein viktig del av dette forskingsenteret. Det har vore ein svært konkurranseprega prosess, med fleire søknadar frå leiande norske forskningsinstitusjonar. Senteret sitt mål er å utvikle teknologi for maritim KI som gir industripartnerar høve til å vidareutvikle sine teknologiområde ved hjelp av data og kunnskap. MET vil ha ei sentral rolle som forskingspartnar innen metocean-feltet, seier Konstantinos.
Norwegian Maritime AI Centre er eit samarbeid mellom ulike aktørar frå næringsliv, akademia, offentleg sektor og internasjonale partnarar. Senteret har fått til saman 100 millionar kroner over fem år, og skal starte opp i år. Senteret har fått i oppdrag å utvikle forskingsfronten innan KI-teknologi og skal legge til rette for korleis vi kan ta i bruk KI i kombinasjon med andre teknologiar i maritim sektor.
Kunstig intelligens versus maskinlæring
Kunstig intelligens (KI)
Overordna omgrep for teknologi som kan utføre oppgåver som vanlegvis krev menneskeleg intelligens. Kan byggjast med ulike metodar, der maskinlæring er éin av dei.
Døme: språkforståing, biletgjenkjenning, planlegging og problemløysing som for eksempel Chat GPT eller Gemini tilbyr. Eller Anemoi og Bris som vi arbeider med på Meteorologisk institutt.
Maskinlæring (ML)
Maskin læring er ei grein innanfor Kunstig intelligens. Det handlar om å lære datamaskiner mønster og samanhengar ut frå data, i staden for at dei blir programmerte med faste reglar.
Døme: spamfilter på e-post , Netflix sitt anbefalingssystem, talegjenkjenning som SIRI og gjennom observasjon, slik som vi gjer her på MET.
Partnarar i Norwegian Maritime AI Centre:
Forskingsmiljø
Universitetet I Oslo, Arkitektur- Og Designhøgskolen I Oslo, Forsvarets Høgskole Fhs, Sintef Nordvest As, Meteorologisk institutt, Statens Kartverk.
Bedrifter
Kongsberg Gruppen Asa, Equinor Asa, Dnv As,Vard Group As, Brunvoll As, Dipai As, Ulstein International As, Corvus Energy As, Astrup Fearnley Code As, Susteni As, Breeze Ship Design As, Osc As, Inmarsat Solutions As, , Remota As, Havila Holding As, Reach Subsea As, Tärntank Ship Management Ab, Klaveness As, Utkilen As, Vake As, Electronic Chart Centre As.
Andre
Fremtidens Industri As, Norges Rederiforbund, Sjøfartsdirektoratet, Åkp As, Kystverket, Maritimt Forum Midt-Norge, Maritime Cleantech, Sustainable Energy As, Testination As, Norsk Sjømannsforbund, Sjøforsvaret, Forsvarets Operative Hovedkvarter Foh.
Kjelde: Artikkel frå Forskningsrådet