Om Meteorologisk institutt

Meteorologisk institutt varslar veret, overvakar klimaet og driv forsking. Sidan instituttet vart etablert i 1866, har norske meteorologar stått sentralt i utviklinga av faget. Meteorologisk institutt er i dag eit leiande internasjonalt kompetansemiljø.

Når vi kan formidle informasjon om ver og klima til ulike brukargrupper, er det eit resultat av arbeidet til ulike faggrupper på instituttet. Innsamling av verdata og handtering og analyse av enorme datamengder ligg til grunn. Det gjer også forståinga av korleis vi kan presentere dette for brukarane slik at dei kan gjere seg nytte av informasjonen.

Til nytte for samfunnet

Meteorologisk institutt utviklar og leverer ei lang rekke nyttige tenester. Vi sørger for at redningshelikoptra kjem trygt fram, og at beredskapsetatane er førebudde på ekstremver og anna farleg ver. Vi driv eit omfattande forskingsarbeid, og leverer klimadata som blant anna kan brukast til å dimensjonere landet for framtidas klima. Vi har ein fri og open datapolitikk, som inneber at kven som helst kan bruke materialet vårt fritt og til nytte for samfunnet. Og ikkje minst: Kvar dag er Yr.no ein del av planlegginga til folk både her i landet og utanlands.

Felles for alt arbeidet vårt er hovudmålet vårt om å bidra til å sikre liv og verdiar.

Organisering

Meteorologisk institutt er eit statleg forvaltingsorgan under Kunnskapsdepartementet. Instituttet blir leidd av eit styre, mens direktøren tek hand om den daglege leiinga av instituttet.

Meteorologisk institutt har kontor i Oslo (hovudkontor), Tromsø og Bergen og er organisert i fem divisjonar:

  • Vervarslingsdivisjonen
  • Observasjons- og klimadivisjonen
  • Senter for utvikling av vervarslingstenesta
  • IT-divisjonen
  • Forskings- og utviklingsdivisjonen

To einingar støttar dessutan direktøren i arbeidet hans: Eining for økonomi og Eining for organisasjon og samfunn.

Sjå organisasjonskart

Formålet til instituttet

Vedtektene er fastsette ved kongeleg resolusjon den 9. desember 2005. Dei faglege oppgåvene til instituttet er oppsummerte her:

§ 1 Formål

Meteorologisk institutt står for den offentlege meteorologiske tenesta for sivile og militære formål. Instituttet skal arbeide for at styresmakter, næringslivet, institusjonar og allmenta blir best mogleg i stand til å sikre liv og verdiar, planlegge framover og verne miljøet. Instituttet skal mellom anna

  • utarbeide vervarsel
  • studere klimaet i Noreg og gi klimatologiske utgreiingar
  • innhente meteorologiske data i Noreg, nærliggjande havområde og på Svalbard
  • drive forskings- og utviklingsarbeid
  • levere flyvertenester
  • formidle resultata av arbeidet dei gjer
  • utføre oppdrag og yte spesialtenester
  • delta i det internasjonale meteorologiske samarbeidet