Ekstremvêr i Europa kan vere meir samanhengande enn vi har trudd
Når ei hetebølgje råkar Europa, blir forklaringane ofte leita etter lokalt: mangel på regn, høge temperaturar eller stabile høgtrykkssystem. Men kan forklaringa vere at det startar lenge før varmen når land?
Samanhengar mellom ekstreme hendingar i Europa er under lupa for Meteorlogisk institutt, der forskarane skal undersøkje om desse hendingane kan vere del av eit større, samanhengande klimamønster. Jørn Kristiansen (MET) leiar studien som prøver å forstå korleis dette heng saman.
— Gjennom analysar av satellittdata og klimaseriar prøver vi å forstå korleis marine hetebølgjer, tørke og atmosfæriske hetebølgjer påverkar kvarandre over tid og på tvers av regionar.
Høge temperaturar allereie i mai
Satellittenesta Copernicus meldte om at fleire land i Vest-Europa hadde høgare temperaturar i mai og MET Office UK rapporterte om rekordvarme i same periode. Samstundes vart det rapportert høgare temperaturar enn normalt i store deler av Atlanterhavet og Middelhavet.
Havet reagerer fyrst
Prosjektet undersøkar med anna om varme i havet kjem før heten på land. Analyser av tidsforsinkingar av hetebølgjer mellom hav og land synar sterke koplingar. Kystområda ser ut til å reagere raskare enn område lenger inne på kontinentet, medan samanhengen blir svakare over tid.
— Vi prøver no å finne ut om det finst tersklar der havtemperaturane byrjar å påverke atmosfæren meir direkte.
Jørn presiserer at dette betyr ikkje nødvendigvis at eitt enkelt varmt havområde skapar ei hetebølgje på land, men det kan tyde på at ulike delar av klimasystemet heng tettare saman enn det vi tidlegare har forstått.
Ekstremvêr som kjedereaksjonar
Forskarane undersøker med anna korleis samansette og kjedekopla ekstreme hendingar utviklar seg.
— Det kan til dømes vere situasjonar der marine hetebølgjer oppstår først, etterfulgt av hete på land, som igjen aukar risikoen for tørke eller skogbrann.
Slike prosessar er vanskelege å analysere fordi ekstremhendingar utviklar seg ulikt i tid og rom, og fordi hav, atmosfære og land påverkar kvarandre samstundes.
Langtidsvarsling av hetebølgjer
For å undersøke desse koplingane blir maskinlæringsmodellar med data frå marine hetebølgje nytta til å forutsjå hete på land fleire veker fram i tid.
— Målet vårt er å oppdage mønster i store mengder klimadata som kan vere vanskelege å sjå med tradisjonelle metodar.
På sikt ønskar Jørn at kunnskapen frå prosjektet skal bidra til ei betre forståing av korleis ekstreme hendingar utviklar seg og om havet kan gi tidlege signal om komande varmeperiodar over Europa.
— I staden for å sjå ekstremvêr som isolerte hendingar, peikar forskinga mot eit meir samanhengande bilete av det europeiske klimasystemet.
XHEAT - ESA prosjekt
XHEAT er eit forskingsprosjekt ved Meteorologisk institutt som undersøker korleis marine hetebølgjer i Atlanterhavet og Middelhavet kan vere kopla til hetebølgjer, tørke og andre ekstreme hendingar over Europa.
Sentinel-satellittane er utvikla av European Space Agency for Copernicus og gir kontinuerlege målingar av mellom anna havtemperaturar, atmosfære og klimaendringar.
Fleire sakar frå prosjektet: Kan hetebølger i havet forsterke varmen på land?