Klimastatus: Slik kan vi sjå klimaendringane i vêrhendingane
Verda har no nådd eit punkt der ein kan sjå «fingeravtrykk» av klimaendringane i alt vêr. På årets Klimastatus onsdag 7. januar går vi gjennom vêrhendingar i 2025 og forklarar korleis dei kan knytast til klimaendringane. Du får òg møte menneske frå miljø som tek grep når konsekvensane rammar oss.
Klimastatus er eit årleg arrangement frå Meteorologisk institutt. I løpet av ein raus time får du ei uformell veksling mellom korte innlegg frå forskarar og samtalar med gjester, leia av TV-meteorolog Pernille Borander.
Når: Onsdag 7. januar klokka 09.00–10.15
Kor: I Marmorhallen hos Klima- og miljødepartementet, og direktestrøyming
Det blir servert enkel frukost frå kl. 08.30.
Alle som deltek fysisk må gjennom departementet sine tryggleikssluser. Møt opp i god tid før start og ta med gyldig ID.
Påmelding
Arrangementet vil bli vist på nett-tv, og du kan følge sendinga her (lenke kjem).
Program
I programmet ser vi både på det globale og det lokale, og på konsekvensane av klimaendringane i samfunnet.
1. Varmt på kalde stader
Klimaforskar Ketil Isaksen forklarar korleis stigande temperatur på Svalbard og i Jotunheimen endrar landskapet og aukar risikoen for oss som bur og ferdast der.
Samtale med Albert Lunde frå Nasjonalt kompetansesenter for fjellredning om utfordringar for fjellturisme og fjellredning i Jotunheimen og Sør-Noreg.
2. Kvifor kan vi no seie at hetebølga i sommar var påverka av klimaendringar?
Klimaforskar Amalie Skålevåg fortel om attribusjon som framgangsmåte for å undersøke koplinga mellom menneskeskapte klimaendringar og observerte endringar i vêr og klima.
Samtale med klimaanalytikar Thea Holten frå Røde Kors om konsekvensane av sommarens hetebølge for helse i Noreg.
3. Når vinden aukar litt, aukar skaden desto meir
Forskar Øyvind Breivik fortel om skadepotensialet frå vind og om god byggeskikk.
Samtale med Henrik Landsverk, leiar for teknologi og innovasjon i Lede, om konsekvensane for skog og energiforsyning etter ekstremvêret Amy.
Viktig informasjon for besøkande til Klima- og miljødepartementet
Alle besøkande som skal inn i departementet må vere registrerte ved påmelding og vise fram gyldig legitimasjon.
Kontroll av identiteten til besøkande blir gjort i resepsjonen ved ankomst.
Følgjande legitimasjon blir godkjend:
- Norsk pass
- Norsk nasjonalt ID-kort
- Forsvarsdepartementets identitetskort (FD-ID)
- Utanlandske pass
- Norsk gyldig førarkort (ikkje elektronisk)
- Europeiske identitetskort (Identity card)
Det er ikkje lov å ta med større bagasje inn i bygget. Veske/PC-veske/mindre ryggsekk kan takast med.
Møt opp i god tid før start.