Lansering av One Ocean-ekspedisjonen: Skal måle bølgjer frå Statsraaden
Den 20. august 2020 blei ekspedisjonen «One Ocean» offisielt lansert. Det er ei jordomsegling med seglskipet Statsraad Lehmkuhl, som kastar loss hausten 2021.
Skal måle bølgjer og vêr
I samband med jordomseglinga vil Statsraad Lehmkuhl også fungere som eit forskingsskip.
Forskarar og ingeniørar frå Meteorologisk institutt skal bidra med å gjere bølgjemålingar frå baugspydet på skipet under jordomseglinga. I tillegg vil det bli gjort målingar av vêret undervegs. Andre forskingsinstitusjonar som er med på ekspedisjonen er Havforskningsinstituttet, Bjerknessenteret, NORCE, Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet og Nansensenteret.
Målet med ekspedisjonen er å samle inn meir kunnskap om verdshava. Jordomseglinga «One Ocean» er ein offisiell del av SN sitt havforskingstiår (2021-2030).
Blant mange prominente gjestar på lansering var også statsminister Erna Solberg og næringsminister Iselin Nybø. Seniorforskar Lars Robert Hole ved Avdeling for oseanografi og maritim meteorologi ved Meteorologisk institutt i Bergen var til stade på Statsraad Lehmkuhl då ekspedisjonen blei lansert.