MET har best omdøme av etatane
Meteorologisk institutt har best omdøme av dei norske etatane i Ipsos si profilundersøking.
Det er 17. gong at instituttet MET kjem best ut på totalinntrykk i målinga som omfattar 97 etatar. På andre og tredje plass kjem Folkehelseinstituttet og Statistisk sentralbyrå.
– Vi er svært glade for at vi også i år er på omdømetoppen. Kvar dag arbeider METs tilsette for å gi befolkninga best moglege vêrvarsel og kunnskap om klima og klimaendringar. Det er veldig hyggeleg å få ei slik tilbakemelding, og det gir inspirasjon til å lage endå betre tenester. Vi toppar også i to kategoriar som er viktige for oss – “Åpenhet og informasjon” og “Kompetanse og fagkunnskap”, seier Roar Skålin, direktør for Meteorologisk institutt.
Den årlege profilundersøkinga vart presentert av Ipsos 19. oktober. Undersøkinga baserer seg på eit representativt utval på rundt tusen personar, og 95 norske etatar blir vurdert på fem område: totalinntrykk, samfunnsansvar, effektivitet og økonomisk styring, openheit og informasjon, og kompetanse og fagkunnskap. Målinga omfattar etatar, bedrifter og organisasjonar.
Ipsos’ omdømepris gjekk i år til Jotun.
Slik blir instituttet vurdert
Totalinntrykk: 82 prosent har eit særs godt eller ganske godt inntrykk av Meteorologisk institutt. Dette er ein nedgang på to prosentpoeng frå i fjor. Det gode totalinntrykket av MET gjeld alle aldersgrupper i befolkninga, men er aller tydelegast frå førti år og oppover.
Samfunnsansvar: Folkehelseinstituttet er øvst, med MET på andre- og Statistisk sentralbyrå på tredjeplass. 77 prosent har eit særs godt eller ganske godt inntrykk av MET på dette området, som er det same resultatet som i fjor.
Effektivitet og økonomisk styring: MET er på tredjeplass, bak Noregs bank og Statistisk sentralbyrå. 43 prosent har eit særs godt eller ganske godt inntrykk av MET på dette området, som er to prosentpoeng opp frå i fjor.
Openheit og informasjon: MET er øvst framfor Folkehelseinstituttet og Statistisk sentralbyrå. 76 prosent har eit særs godt eller ganske godt inntrykk av MET, og dette utgjer ein oppgang på eitt prosentpoeng frå i fjor.
Kompetanse og fagkunnskap: MET er øvst framfor Folkehelseinstituttet og Statistisk sentralbyrå. 80 prosent har eit særs godt eller ganske godt inntrykk av MET på dette området, og det er ein nedgang på eitt prosentpoeng frå i fjor.