Når kjem den første snøen?
Første snøfall varierer mykje frå år til år, uansett kvar du bur. Men han kjem. Stort sett overalt.
Den første snøen blir svært sjeldan liggande. For at det skal skje, bør snittemperaturen ligge under null grader gjennom døgnet. Endring i klima har også litt å seie.
For at det skal reknast som vinter, i meteorologisk forstand, må snittemperaturen gjennom døgnet vere under null grader i vintermånadane. Kyststrok i sør og vest har derfor ikkje vinter. Men dei kan likevel få snøvêr og kalde periodar.
Endring i klima gir færre dagar med snø
Vi ser ei tydeleg endring i dagar med snøfall når vi samanliknar dei to siste normalperiodane.
– Klimaet har endra seg, det har blitt varmare og det gir færre dagar med snø fleire stadar. Både Tromsø og Oslo har i snitt ti færre dagar med snø no enn før. Det er mykje, seier klimaforskar Karianne Ødemark.
Tidlegare undersøkingar viser at vinteren blir kortare, men også våtare. Der det er kaldt og minusgrader kjem denne nedbøren som snø. Nokre stadar får derfor uendra eller fleire dagar med snø. Det siste gjeld spesielt i fjelltraktane.
– Kautokeino får fleire dagar med nysnø enn før. Sjølv om temperaturen aukar, så er det kaldt nok til at auka nedbør kjem som snø i Kautokeino, forklarar Ødemark.
Når kjem første snøfall?
Med utgangspunkt i eit gjennomsnitt over perioden 1990 til og med 2025, kan vi seie når den første snøen truleg fell på utvalde plassar i landet.
Tromsø
I Tromsø kan snøen kome tidleg på hausten. Her har det blitt målt snø sidan 1895. I snitt kjem den første snøen i Tromsø 17. oktober.
I 1973 kom snøen allereie 11. september.
Trondheim
I Leinstrand ved Trondheim fall den første snøen så tidleg som 28. september i 1966. Inne i Trondheim sentrum fall den første snøen 2. oktober i 1916.
I snitt er første snøfall 11. november i Trondheim.
Oslo
I Oslo er tidlegaste registrerte snøfall 12. oktober i 1926. Seinaste registrerte første snøfall er 27. januar. Det skjedde i vintersesongen 1929–1930.
I snitt kjem den første snøen 17. november. Noko tidlegare i Nordmarka. På Bjørnholt er gjennomsnittleg første snøfall 2. november.
Bergen
Meteorologisk sett har Bergen, saman med store delar av kyststroka i Noreg, faktisk aldri vinter. Det er fordi snittemperaturen for eit døgn ikkje fell under null grader i vintermånadane. Men det betyr ikkje at det aldri kjem snø, for det kan bli kaldt her òg.
Flesland ved Bergen har tidlegaste registrerte snøfall den 13. oktober i 1971. I sentrum av Bergen er tidlegaste første snøfall målt den 15. oktober i 1905.
I snitt kjem den første snøen til Bergen den 6. desember.
Nokre fleire stadar
- Asker
I snitt er første snøfall i Asker 7. november.
- Bodø
På Kjærringøy ved Bodø kjem første snøen i snitt 29. oktober. Målestasjonen har målingar i berre tretten sesongar, mellom 1990 og 2025. Mens Strøksnes - Hestvika som ligg i nærleiken får første snøen den 1. november.
- Hobøl
I Hobøl er det 11. november som er snitt for første snøfall.
- Kautokeino
I Kautokeino viser snittet at første snøfall er 9. oktober. Målestasjonen har målingar frå 1996 til 2025.
- Lunner
I snitt får Lunner sitt første snøfall 2.november.
- Risør
I Risør viser snittet at snøen kjem den 28. november.
- Røros
På Røros viser snittet at snøen kjem den 17. oktober.
- Sandnes
I Sandnes viser snittet at snøen kjem den 10. desember. Målestasjonen har målingar frå 1990 til 2019.
- Ukkestad
I Ukkestad i Nannestad viser snittet at snøen kjem den 7. november.
- Øvre Neiden
Det første snøfallet i Øvre Neiden i Sør-Varanger er 20. oktober. Målestasjonen har målingar frå 2011 og har derfor ikkje veldig mange år med data.
Kontakt oss
Kommunikasjonsavdelingens pressevakt:
48 06 58 85 (betjent 8.00-15.00 fra 15. mai til 15. september og 08.00-15.45 resten av året) eller kommunikasjon@met.no
Klimaforsker Karianne Ødemark
E-post: karianneo@met.no