Ny Yr-app visualiserer vêret
Yr-appen har fått si etterlengta oppdatering, og ei av dei synlegaste endringane er at du får visualisert korleis vêret blir.
Du finn han no i Google Play og App Store, og har du den gamle appen, kan du velje å oppdatere.
Appen har vore nærast uendra sidan 2009, medan nettsida Yr.no har blitt mobiltilpassa. Det har skjedd mykje med apputviklinga på desse åra, og 10-åringen Yr kan endeleg varsle vêret i ein moderne app.
I den nye appen kan du sjå sol, skyer og stjerner på himmelen, og om det passar å gå måneskinstur. Og du kan sjå naturtru regndropar falle på innsida av skjermen.
Den nye appen gir deg også ein kjapp tekstleg status på kva slags vêr du står opp til. Og du får ikkje berre temperaturen, men også korleis temperaturen kjennest.
Om du likar best den gamle presentasjonen, finn du framleis tabellane og grafane, sjølv om også desse har fått ei ansiktsløfting.