Avslutta: Oransje farevarsel om svært mykje regn nord i Trøndelag
Rapport om hendelsen
Observasjoner under hendelsen
Som venta var det fleire stasjonar som fekk ny døgnrekord for nedbør for desember i denne episoden. Frå 17. desember kl. 07 til 18. desember kl. 07 var det fire stasjonar som hadde satt ny rekord for døgnnedbør for desember. Dei fire stasjonane var:
Trøndelag
- Åfjord II 105,7 mm
- Åfjord-Momyr 132,2 mm
- Overhalla-Unnset 86,0 mm
- Liafoss 98,8 mm

Rekordane blei altså satt allereie i dag tidleg kl. 07, 11 timar før farevarselet var over kl 18. Først søndag morgon får vi opplysningar om kor mykje nedbør som har falle etter laurdag kl. 07.
Nokre andre stasjonar som peikar seg ut er Snåsa-Kjevlia med 51,1 mm frå fredag ettermiddag og til laurdag ettermiddag, og Gartland med 78,4 mm i same tidsperiode. I høve nedbør-klima, er dette høge verdiar.
Førre oppdatering, fredag ettermiddag:
Eit farevarsel for regn, det nest høgste farenivået, er sendt ut for Trøndelag nord for Trondheim. Lokalt er det venta 70-130 mm med regn på 24 timar.
Vedvarande regn gjer at vi forventar at fleire stasjonar kan få rekord for døgnnedbør for desember. Det er også mildt for årstida, slik at all nedbøren som fell er venta som regn høgt til fjells. Etter at farevarselet er over seint laurdag ettermiddag, er det venta betydeleg lågare temperaturar og overgang til sludd- og snøbyer i fjellet.
Det er også ute eit gult farevarsel for regn for Helgeland og Sør-Salten. Her er det venta 70-100 mm på 24 timar i same tidsperiode.

Konsekvenser og anbefalinger
Det er fare for overvann i tettbygde områder. Se varsom.no for mer informasjon. Det er fare for stengte veier og overvann ved bekke- og elveløp. Mange reiser vil kunne få lengre reisetid. Vanskelige kjøreforhold grunnet overvann og fare for vannplaning.
Følg lokale myndigheters instruksjoner, og råd fra beredskapsmyndigheter. Behov for beredskap skal vurderes fortløpende av beredskapsaktører. Vurder om reisen er nødvendig. Sjekk veimeldinger (175.no). Tilpass farten og kjør etter forholdene.
Følg med på yr.no/farevarsler for oppdatert informasjon om situasjonen