Avslutta: Oransje farevarsel om vindkast i Rogaland og Agder
Stormsenteret har i løpet av fredag kveld passert Sør-Noreg, og gått vidare inn i Sverige. Vinden er i minking.
Varsel oppdatert 17. februar kl. 23.00:
Det var på førehand venta nordvest full og til dels sterk storm på kysten av Sunnhordland og Rogaland, med lokalt svært kraftige vindkast over land på opp mot 40 meter per sekund. Observasjonane viser at vinden dei fleste stader her vart noko mindre kraftig enn varsla. Dei kraftigaste vindkasta målte vi på Eigerøya med 40,5 m/s, Utsira fyr 34,8 m/s og Obrestad fyr med 34,4 m/s. Røldalsfjellet (1370 moh.) målte 43,1 m/s og Stord lufthavn 30 m/s.
I Agder var det venta lokalt svært kraftige vindkast på 25 m/s i indre strøk, og på kysten opp mot 40 meter per sekund. Den kraftigaste vinden her vart målt i fjellet og langs kysten. På målestasjonen i Sirdal (920 moh.) vart det målt heile 45,6 m/s i vindkast, mens Lindesnes fyr og Lista fyr målte høvesvis 37 og 35,3 m/s.
I Danmark fikk stormen navnet Otto, men i Noreg var det aldri venta at vinden skulle gi ekstreme konsekvensar (raudt farenivå).
Varsel oppdatert 17. februar kl. 10.30:
I dag, fredag, ligg det eit stormsenter i Nordsjøen, som i ettermiddag vil nå land og i kveld flytta seg vidare austover til Sverige. Seint i ettermiddag er det venta nordvest full og til dels sterk storm på kysten av Sunnhordaland og Rogaland, med lokalt svært kraftige vindkast over land opp mot 40 meter per sekund. I Agder er det venta lokalt svært kraftige vindkast på 25 meter per sekund i indre strok. På kysten vil det vere vindkast opp mot 40 meter per sekund.
I Danmark har stormen fått namnet Otto, men i Norge er ikkje vinden venta å nå ekstreme kriterier (raudt farenivå).
Den sterkaste vinden er venta fredag ettermiddag og kveld.
Rogaland og Agder
På Sør-Vestlandet er det på kysten venta nordvest full og til dels sterk storm 30 meter per sekund, med vindkast over land opp mot 40 meter per sekund. Den sterkaste vinden venta frå klokka 14 til 19. I Agder er det venta lokalt svært kraftige vindkast på 25 meter per sekund i indre strok.
På kysten vil det vere vindkast opp mot 40 meter per sekund. Vinden vil først komme frå vest og deretter dreie over på nordvest. Vinden vil auke først vest i Agder, og gradvis minke frå sent fredag kveld.
I deler av Rogaland, som ikkje er dekka av oransje farevarsel, er det venta lokalt kraftige vindkast på 27-30 meter per sekund frå nordvest. Vinden vil auke først på kysten seint om ettermiddagen, og minke tidleg fredag kveld.

I tillegg er det sendt ut fleire gule farevarsel for vindkast i Sør-Norge:
Hordaland
I sørlege delar av Hordaland er det venta lokalt kraftige vindkast fra nordvest på 27-30 meter per sekund i indre strok, og på 27-35 meter per sekund på kysten og ytre strok. Vinden vil auke først på kysten seint om ettermiddagen, og minke sist i indre strok fredag kveld.
I deler av Vestfold og Telemark og Buskerud
Det er venta lokalt kraftige vindkast på 20 meter per sekund frå nordvest. Vinden aukar her seint fredag ettermiddag og minkar seint fredag kveld.
Varsel oppdatert 16.02 kl. 13.00
Fredag vil eit lågtrykk utvikle seg til eit stormsenter i Nordsjøen. Seint fredag ettermiddag er det venta nordvest full og til dels sterk storm på kysten av Sunnhordaland og Rogaland, og lokalt svært kraftige vindkast i indre strok av Agder.
Rogaland og Hordaland
På Sør-Vestlandet er det på kysten venta nordvest full og til dels sterk storm 30 meter per sekund, med vindkast over land opp mot 40 meter per sekund. Den sterkaste vinden er venta fredag ettermiddag og kveld.
I deler av Hordaland er det venta lokalt kraftige vindkast fra nordvest på 27-30 meter per sekund i indre strok, og på 27-35 m/s på kysten og ytre strok. Vinden vil auke først på kysten seint om ettermiddagen, og minke sist i indre strok fredag kveld.
I deler av Rogaland er det venta lokalt kraftige vindkast på 27-30 meter per sekund frå nordvest. Vinden vil auke først på kysten seint om ettermiddagen, og minke tidleg fredag kveld.
Agder
I Agder er det venta lokalt svært kraftige vindkast på 25 meter per sekund i indre strok. På kysten vil det vere vindkast opp mot 40 meter per sekund. Vinden vil først komme frå vest og deretter dreie over på nordvest. Vinden vil auke først vest i Agder, og gradvis minke frå sent fredag kveld.
Den sterkaste vinden er venta fredag ettermiddag og kveld.
.png)
Fleire farevarsel
I Danmark har stormen fått namnet Otto, men i Noreg er ikkje vinden venta å nå ekstreme kriterier (raudt farenivå). I tillegg til oransje farevarsel er det derimot fleire gule farevarsel om vindkast i Sør-Noreg.
I deler av Vestfold og Telemark og Buskerud er det venta lokalt kraftige vindkast på 20 meter per sekund frå nordvest. Vinden aukar her seint fredag ettermiddag og minkar seint fredag kveld.