Tuddal 2026 - påskesola kan vere sterk, sjølv om det er eit lett skydekke. Hugs å sjekke UV-varselet der du er. Foto: Anniken Sanna/MET
Tuddal 2026 - påskesola kan vere sterk, sjølv om det er eit lett skydekke. Hugs å sjekke UV-varselet der du er. Foto: Anniken Sanna/MET

Sjekk UV-varselet i påska

Påska kjem tidleg i år, og mange nordmenn trekkjer mot fjellet eller sjøen for å nyte sola. Sjølv om temperaturen kan vere låg, kan UV-strålinga vere sterk nok til å gi solskadar, spesielt i høgda og når snøen reflekterer sollyset.

Difor er det lurt å sjekke UV-varselet før du går ut.