Sommaren: Våt, men mykje varme i nord – tørt og varmt på Sør- og Austlandet
Nord-Noreg fekk sin våtaste sommar, men også varme dagar då temperaturen gjekk godt over det ein kunne oppleve på Austlandet.
Fleire av tendensane frå vårsesongen heldt fram inn i dei tre sommarmånadene juni, juli og august.
Store delar av landet, frå Vestland fylke og opp til Finnmark, blir skildra som svært eller ekstremt våte, medan delar av Rogaland og områda austafjells var svært eller ekstremt tørre.
Temperaturmessig blir sesongen skildra som varm på Sørlandet og Austlandet. På Vestlandet, i Trøndelag og i Nordland var den normal, medan den var varm eller svært varm i Troms og ekstremt varm i Finnmark.
Månadsrapport for august og oppsummering av årets sommar finn du her
Nedbør
Ser ein landet under eitt, fall det 15 % meir nedbør enn normalt. Variasjonane var store mellom landsdelane. Nord-Noreg fekk 50 prosent meir nedbør enn normalt og sin våtaste sommar registrert frå 1900 til i dag.
Dei våtaste stasjonane
- Lurøy (Nordland) 1297,8 mm (122 % meir nedbør enn normalt)
- Brekke i Sogn (Gulen, Vestland) 948,6 mm (49 % meir enn normalt)
- Stadlandet (Vestland) 897,1 mm (82 % meir enn normalt)
Dei tørraste stasjonane
- Porsgrunn – Kjølnes (Vestfold og Telemark) 98,6 mm (61 % mindre nedbør enn normalt)
- Roverud (Kongsvinger, Innlandet) 107,0 mm (50 % mindre enn normalt)
- Jomfruland (Kragerø, Vestfold og Telemark) 107,3 mm (her er det ingen normal enno)
Lurøy i Nordland var staden som fekk mest nedbør i løpet av eit døgn. Her blei det registrert 156,7 millimeter 11. august.
Temperatur
Samla sett blei sommaren den 15. varmaste registrert tilbake til 1900 med ein gjennomsnittstemperatur som enda 0,7 grader over normalen.
Landsdelen Nord-Noreg registrerte den 7. varmaste sommaren i denne serien.
Dei varmaste stasjonane
- Drammen – Berskog (Viken) 17,6 °C (1,0 °C over normalen)
- Sarpsborg (Viken) 17,5 °C (1,2 °C over normalen)
- Oslo – Hovin (Oslo), Gullholmen (Moss, Viken) og Færder fyr (Vestfold og Telemark) 17,3 °C (høvesvis 0,6 °C, 0,7 °C og 0,6 °C over normalen)
Dei kaldaste stasjonane
- Juvvasshøe (Lom i Innlandet, 1894 moh) 4,3 °C (0,4 °C over normalen)
- Juvflye – Mimisbrunnr klimapark (Lom i Innlandet, 1844 moh) 4,4 °C (0,2 °C over normalen)
- Spørteggbu (Luster i Vestland, 1566 moh) 5,3 °C (0,5 °C over normalen)
Høgaste maksimumstemperatur, 33,6 °C, blei registrert 20. juli på Lysebotn (Sandnes, Rogaland).
Lågaste minimumstemperatur var -4,6 °C, og blei målt på Folldal – Fredheim (Innlandet) 31. august.
Svalbard hadde ein rekordvarm sommersesong med eit snitt på 7,4 grader for månadane juni, juli og august, målt på Svalbard lufthamn.