Store kontrastar prega juli
Juli baud på store kontrastar. Medan nedbøren viste store regionale skilnader med både uvanleg tørre og uvanleg våte område, fekk delar av Sør-Noreg ei hetebølgje midt i månaden. Samstundes var store delar av Europa prega av langvarig varme, tørke og skogbrannar.
– Vi var tross alt heldige med juli månad, og fekk ikkje den intense varmen som dei har hatt lenger sør, seier klimaforsker Ketil Tunheim.
Les heile rapporten her.
Frå rekordtørt i Skjåk til ein våt juli i nord
Noreg fekk ein normal mengde med nedbør i juli månad når ein ser landet under eitt. Men bak gjennomsnittet skjuler det seg store skilnader. Nokre stadar regna det nesten ikkje, medan andre fekk meir enn dobbelt så mykje nedbør som vanleg.
– Sjølv om Innlandet, Telemark og Agder fekk langt mindre regn enn vanleg, vart juli ein våt månad fleire stadar i Nordland og Møre og Romsdal.
Dei våtaste målestasjonane var Lurøy i Nordland med 349,7 millimeter, Gullfjellet i Vestland med 337,0 millimeter og Samnanger II med 309,9 millimeter. Samtidig vart dei lågaste nedbørsmengdene registrerte i Skjåk II (5,5 mm), Hjartdal (7,9 mm) og Bjorli (9,2 mm).
– Skjåk opplevde sin tørraste juli sidan målingane starta for over 85 år sidan. Den tidlegare rekorden var frå 1946.
Store regionale temperaturskilnadar
Juli baud på store temperaturkontrastar. Sør- og Austlandet og Finnmark var varmare enn normalt, medan store delar av Vestlandet, Midt-Noreg og Nord-Noreg frå Rogaland til Troms hadde ein kjøligare månad enn normalen.
Drammen hadde det høgaste gjennomsnittstemperaturen blant byane, medan Tromsø var den kaldaste. Størst temperaturavvik frå normalen vart målt i Vågsli (+3,4 °C) og Mo i Rana (-2,6 °C).
– Drammen er den einaste stasjonen i landet som har hatt over 20 grader kvar dag i juli.
Svalbard avslutta juli med årets høgaste temperatur
Mot slutten av månaden vart det målt årets høgaste temperaturar på Svalbard lufthamn. Den 30. juli nådde temperaturen 13,6 °C, før han steig til 15,4 °C dagen etter, som er den høgaste temperaturen målt på Svalbard så langt i år. Same dag var det varmare der enn ved fleire målestasjonar på fastlandet, mellom anna Flesland, Kristiansund, Molde og Tromsø.
Frå kontrastar i Noreg til ekstremvêr i Europa
Medan juli baud på store regionale skilnader i Noreg, opplevde store delar av Europa ein månad prega av langvarige hetebølgjer, omfattande tørke og store skogbrannar.
Fleire område fekk òg kraftige regn- og tordenbyer, og mot slutten av månaden trekte eit nedbørssystem frå Sentral-Europa nordover og førte til farevarsel om styrtregn i delar av Troms og Finnmark.
– Sjølv om vêret var mykje ulikt frå stad til stad, ser vi at høge temperaturar påverkar vêrsystema på fleire måtar. Ein varmare atmosfære aukar fordampinga og kan forsterke tørke, samstundes som ho kan halde på meir fukt og gi kraftigare regnskyll når nedbøren først kjem.