Nærøeysund i Trøndelag
Både Trøndelag og Møre og Romsdal har sett ny fylkesrekord for varme i juni. Her frå Nærøysund i Trøndelag natt til 26. juni, Foto: Heidi Cathrine Moe-Hestø, Foto: Heidi Cathrine Moe-Hestø

Uvanleg mange varmerekordar i juni

Vi har hatt heile elleve dagar over 30 grader denne junimånaden. Det er fleire enn nokon gong tidlegare målt i Noreg.

Det har blitt sett 36 varmerekordar rundt om i landet

– Dette er sjeldan kost. Det er ikkje ofte at så mange målestasjonar set rekordar for høgaste temperatur i same månad. Det viser kor ekstremt varmt det var i delar av juni, seier klimaforskar Hans Olav Hygen ved Meteorologisk institutt. 

Rekordmange tropedagar i juni

Vi har hatt elleve såkalla tropedagar i juni, altså dagar med over 30 grader. Det er rekord for juni månad. Det næraste vi har vore var ni tropedagar i juni i 2018.

Det har òg vore åtte tropenetter i juni. Det vil sei at det er minst 20 grader på det kaldaste i løpet av natta. 

– Det er ganske sjeldan med så mange tropenetter i juni. Og ikkje minst er det oppsiktsvekkande at det har skjedd så langt nord som Lurøy i Nordland, og det til og med fleire gongar, seier Hygen.


Desse stadane hadde tropenatt i juni:

  • Stavanger
  • Sola
  • Særheim
  • Eigerøya
  • Svenner
  • Færder
  • Rørvik
  • Steinkjer
  • Åfjord
  • Frosta
  • Kvithamar
  • Kristiansund
  • Sunndalsøra
  • Åndalsnes
  • Tafjord
  • Lurøy


Ny fylkesrekord i Trøndelag og Møre og Romsdal 

Trøndelag har fått ny fylkesrekord for juni, med heile 34,3 grader på Værnes laurdag. Den førre rekorden var på 32,5 grader i Høylandet i 2002. 

Også Møre og Romsdal har fått ny fylkesrekord. I Tafjord kom temperaturen opp i 31,8 grader på laurdag. Den førre rekorden var på 31,6 grader på same stad i 1966.

Juni sett under eitt ser førebels ut til å være den varmaste nokon gong målt i Noreg, men desse tala er ikkje klare heilt enno. Det veit vi først når månaden er over onsdag 1. juli.

Her er alle varmerekordane i juni: 

Navn

Kommune

Rekord

Dato

Start

Forrige

Drevsjø

Engerdal
(INNLANDET)

29.5

25.06.2020

1957

29,0 (27.06.1988)

Tynset - Hansmoen

Tynset
(INNLANDET)

31.4

25.06.2020

2002

29,7
(12.06.2006)

Juvvasshøe

Lom
(INNLANDET)

16.4

25.06.2020

1999

16,2 (27.06.2018)

Bråtå - Slettom

Skjåk
(INNLANDET)

25.7

19.06.2020

1998

25,1
(28.06.2009)

Løken I Volbu

Øystre Slidre
(INNLANDET)

30.4

25.06.2020

1961

29,5
(18.06.1970)

Færder Fyr

Færder
(VESTFOLD OG TELEMARK)

27.7

27.06.2020

1937

27,5
(27.06.1988)

Dagali Lufthavn

Hol
(VIKEN)

27.9

25.06.2020

2002

26,9
(27.06.2018)

Vågsli

Vinje
(VESTFOLD OG TELEMARK)

24.8

25.06.2020

2002

23,5
(12.06.2006)

Hovden - Lundane

Bykle
(AGDER)

26.0

25.06.2020

2002

24,5
(10.06.2006)

Særheim

Klepp
(ROGALAND)

27.7

26.06.2020

1987

26,8
(03.06.2008)

Kvitsøy - Nordbø

Kvitsøy
(ROGALAND)

26.6

27.06.2020

2005

26,1
(03.06.2008)

Haugesund Lufthavn

Karmøy
(ROGALAND)

29.4

26.06.2020

2003

28,3
(03.06.2008)

Stord Lufthavn

Stord
(VESTLAND)

30.2

27.06.2020

2004

28,3
(03.06.2008)

Fedje

Fedje
(VESTLAND)

27.8

27.06.2020

2004

26,7
(29.06.2009)

Takle

Gulen
(VESTLAND)

28.1

27.06.2020

1956

28,0
(19.06.1966)

Vangsnes

Vik
(VESTLAND)

29.6

19.06.2020

2000

28,4
(12.06.2006)

Sogndal Lufthamn

Sogndal
(VESTLAND)

27.4

19.06.2020

2003

26,6
(28.06.2009)

Fjærland - Bremuseet

Sogndal
(VESTLAND)

29.8

27.06.2020

2005

29,3
(02.06.2018)

Førde Lh - Bringeland

Sunnfjord
(VESTLAND)

28.5

16.06.2020

2002

27,0
(08.06.2007)

Florø Lufthamn

Kinn
(VESTLAND)

28.3

27.06.2020

2002

26,7
(10.06.2007)

Sandane Lufthamn

Gloppen
(VESTLAND)

29.8

27.06.2020

2004

28,5
(12.06.2006)

Ørsta-Volda Lufthamn

Ørsta
(MØRE OG ROMSDAL)

30.7

19.06.2020

2002

28,6
(12.06.2006)

Tafjord

Norddal
(MØRE OG ROMSDAL)

31.8

27.06.2020

1939

31,6
(18.06.1966)

Molde Lufthavn

Molde
(MØRE OG ROMSDAL)

30.4

20.06.2020

2002

29,2
(12.06.2006)

Kristiansund Lufthavn

Kristiansund
(MØRE OG ROMSDAL)

29.9

20.06.2020

2003

28,6
(12.06.2006)

Veiholmen

Smøla
(MØRE OG ROMSDAL)

26.0

20.06.2020

2002

24,8
(12.06.2006)

Sula

Frøya
(TRØNDELAG)

27.7

20.06.2020

1975

25,4
(12.06.2006)

Værnes

Stjørdal
(TRØNDELAG)

34.3

27.06.2020

1946

31,7
(1969)

Kvithamar

Stjørdal
(TRØNDELAG)

33.5

27.06.2020

2002

29,9
(08.06.2002)

Meråker - Vardetun

Meråker
(TRØNDELAG)

32.8

27.06.2020

2004

32,2
(12.06.2006)

Snåsa - Kjevlia

Snåsa
(TRØNDELAG)

31.1

26.06.2020

1954

30,7
(18.06.1966)

Ørland Iii

Ørland

(TRØNDELAG)

30.7

20.06.2020

1955

29,4
(18.06.1966)

Halten Fyr

Frøya

(TRØNDELAG)

26.0

20.06.2020

1983

25,9
(05.06.2002)

Nordøyan Fyr

Nærøysund

(TRØNDELAG)

28.7

20.06.2020

1942

25,5
(05.06.2002)

Sklinna Fyr

Leka
(TRØNDELAG)

25.2

22.06.2020

1974

24,2
(08.06.1997)

Vega - Vallsjø

Vega
(NORDLAND)

29.3

21.06.2020

1991

27,1
(09.06.2011)