nyttårsorkanen 1992.png

25 år sidan den historiske nyttårsorkanen

Orkanen som feide innover Noreg tidleg på morgonen 1. januar 1992 er den sterkaste som Meteorologisk institutt har observert på det norske fastlandet sidan målingane starta i 1867.

Orkanen medførte svært store skadar på blant anna busetnad og skogsområde. Meteorologisk institutt har rekna ut at ein så kraftig orkan statistisk sett berre vil finne stad kvart 200. år.

Lågtrykksutviklinga

Satellittbilde nyttårsorkanen.jpg
Satellittbilde kl. 16 UTC den 31. desember 1991. 

Natt til nyttårsaftan såg meteorologane på verkarta at det danna seg eit lågtrykk aust for Newfoundland, i eit område der svært kald luft frå nord støtte saman med svært varm luft frå sør.

Dermed fekk ein ei skarp frontsone med store temperaturkontrastar og svært sterk vind i høgare luftlag. Vi veit at med eit slikt utgangspunkt kan vi få ei sterk utvikling av lågtrykket. Dette, saman med gode numeriske prognosar, gav grunnlag for å gå ut med eit orkanvarsel for Møre og Romsdal, samt for dei tilhøyrande nære havområde.

Dagen før dagen 

Om kvelden, sjølve nyttårsaftan, fekk vi satellittbiletet kl. 16 UTC som viser danning av ein såkalla ”stormhatt” like nord for bakkelågtrykket, i skysystemet like sør for Island (sjå bilete til over).

Lågtrykket sitt skysystem har eit skyfritt ”auge” som indikerer at tørr og kald stratosfæreluft trengjer ned i troposfæren like vest for bakkelågtrykket. Det indikerer ei eksplosiv utvikling. Og ei eksplosiv utvikling blei det! Lågtrykket gjekk med ein fart på meir enn 25 m/s. og lufttrykket i senteret fall svært hurtig.

1. januar 1992 

Satellittbilde nyttårsorkanen 2.jpg
Satellittbilde kl. 04 UTC den 1. januar 1992. 

Orkansenteret kom inn nord for Stad tidleg om morgonen 1. januar 1992. På sørvestsida av hovudlågtrykket danna det seg eit lite sekundært lågtrykk. 

Vi fekk ein såkalla ”giftig hale” med omfattande forsterking av vinden på sør- og vestsida av lågtrykket. Det høgre biletet frå kl. 04 UTC viser den ”giftige halen”.

På vestsida av orkansenteret kom vinden frå vest og nordvest. Dermed slo vind av orkan styrke brått og hardt til både på kysten og langt inne i fjordane, fyrst i Nordfjord og seinare på dagen heilt opp til Nord-Trøndelag.

Observerte vindhastigheiter

Fleire av vindmålarane braut saman på grunn av den store påkjenninga under orkanen. I tillegg var ikkje vindmålarane tilpassa til å registrere orkan.

Mange av vindmålarane som var i drift ved Meteorologisk institutt sine stasjonar i 1992 registrerte ikkje høgare vindhastigheit (midla over 10 min.) og vindkast (3-5 sek) enn 31 m/s. og 41 m/s. Under orkanen var vindhastigheita høgare enn dette på fleire av stasjonane. Dataa er i ettertid blitt nøye analysert og vindhastigheiten har blitt ekstrapolert på stasjonar der vindstyrken gjekk over maksimalverdien.

Liten storm eller sterkare 

Under orkanen blei det observert liten storm (> 20,8 m/s) eller sterkare på kyststrekninga frå Færder fyr til Bodø i nord, sterk storm (>28,5 m/s) eller sterkare frå Hardangerfjorden til Skilnna fyr og orkan (> 32,6 m/s) mellom Stad og Vikna.

Sterkaste vindhastigheit under orkanen var på Svinøy fyr og Skalmen fyr, begge med 46 m/s. (166 km/t). Sterkaste vindkast har ein vurdert til 62 m/s. (223 km/t) på dei same stasjonane. Vindretninga var vestleg på alle stasjonane.

Tabellen under visar høgaste vindfartar (10 min. middel og) vindkastet mitt (3-5 sek.) registrerte eller estimert under orkanen 1. januar 1992 (etter Aune og Harstveit, 1992).

Stasjon Middelvind (m/s) Vindkast (m/s) 
Hellisøy fyr  Sterk storm, 30  43
Sandane lufthavn Sterk kuling, 18 51
Svinøy fyr Orkan, 46  62
Vigra  Orkan, 36 55
Molde lufthavn  -    54
Kristiansund lufthavn  Orkan, 33   50
Skalmen fyr  Orkan, 46   62
Ørland luftavn Orkan, 37       49
Sklinna fyr Orkan, 33  43
Færder fyr  Liten storm, 22 28
Torungen fyr Full storm, 25   -
Oksøy fyr   Liten storm, 23    -
Lista fyr Liten storm, 21    29
Utsira fyr Full storm, 28   38
Ona   Orkan, 45   -
Halten fyr  Orkan, 40   55
Nordøyan fyr Orkan, 41   -

200 år til neste gong? 

På grunnlag av mange år med observasjonar og sannsynleghetsutrekningar, kan ein estimere såkalla returperiodar for slik sterk vind. Dette er eit uttrykk for kor ofte slik vind skjer. For Mørekysten er returperioden for ein så sterk orkan som i 1992 estimert til over 200 år.

Nyttårsorkanen i 1992 er det nærmaste vi i landet vårt kjem vind­styrkar og øydeleggingar som minner om tropiske orkanar. Nyttårsorkanen ville på Saffir–Simpson-skalaen truleg tilsvare ein kategori-2-orkan, det vil seie same klasse som orkanen ”Ike” hadde då den nådde kysten av USA i 2008. Saffir-Simpson skalaen blir brukt til å klassifisere tropiske syklonar og orkanar. Inndelinga er basert på vindfarten omkring stormsenteret. Vindfarten er her likevel midla over 1 minutt. Den kan derfor ikkje heilt samanstillas med observasjonane frå Noreg.

Orkanen årsaka svært store skadar

Nyttårsorkanen i 1992 er tidenes største naturkatastrofe i Noreg, målte i tapte verdiar. Orkanen skadde 50 000 - 60 000 bygningar, der nokre blei heilt øydelagt.

Det var også omfattande skadar på infrastruktur, kulturminne, havbruksanlegg og ikkje minst på skog. Nærmare 3 millionar kubikkmeter trevirke blei vindfelt eller fekk stammebrekk. Erstatningsutbetalingane til skogeigarane aleine var på 250 millionar kroner. Samla økonomisk skade blei taksert til vel 2 milliardar kroner. Då er eigendelar ved forsikringsskadar ikkje inkluderte, og heller ikkje økonomiske tap frå ulike driftsproblem.

Mangel på elektrisitet gav omfattande driftstap i næringslivet, og kriseliknande provisoriske energiløysingar var i bruk einskilde stader i lang tid. Tilsvarande krisetilstandar har ein ikkje opplevt i dette området sidan den andre verdskrig. Heldigvis kom orkanen på ei gunstig tid då folk flest var heime, og det var svært lita ferdsel på havet og nesten inga ferdsel på vegane.

nyttårsorkanen 1992.png
Satelittbilde av stormsenteret i nyttårsorkanen. 

 

Les meir

Kilder

  • B. Aune & K. Harstveit 1992, Rapport 23/92 Klima, Meteorologisk institutt
  • L.A. Breivik, J.E. Kristjánsson, K.H.Midtbø, B.Røsting & J. Sunde 1992, Technical Report 99, Meteorologisk institutt
  • S. Grønås 1995, VÆR og KLIMA 4/1995
  • S. Grønås & J. Rytter, Cicerone 5/2004
  • S. Solberg 2006, Cicerone 3/2006
  • J. Teigland 2002, VF-rapport 7/2002, Vestlandsforsking