MET har best omdøme
– Det er godt å sjå at vi held oss på toppen av omdømemålinga, no for 13. år på rad. Dette viser at vi greier å nå ut til folk i ein mediekvardag med mange inntrykk og at vi leverer ei teneste som blir oppfatta som nyttig og god, seier Roar Skålin, direktør ved Meteorologisk institutt.
– Tala for 2018 viser faktisk at vi har det beste resultatet sidan 2007. Hjarteleg takk til alle som har medverka til dette, seier Roar.
Omdømeundersøkinga omfattar 88 etatar, 95 bedrifter og 47 organisasjonar. Datainnsamlinga føregjekk mellom april og august 2018, og det vart gjort tusen intervju for kvar undersøking.
I vurderinga av etatar, er det lagt vekt på fem faktorar: Totalinntrykk, samfunnsansvar, effektivitet og økonomisk styring, openheit/informasjon, og kompetanse/fagkunnskap. Meteorologisk institutt er på topp på fire av desse faktorane, og nummer to på effektivitet og økonomisk styring.
Omdømeprisen for 2018 gjekk til Vinmonopolet. MET fekk prisen i 2007 og 2011.