MET har best omdøme for 12. år på rad
– Det er heilt fantastisk at vi greier dette for 12. året på rad! Kvart år tenker vi at «i år går det ikkje». Når folk likevel skårar oss på topp, må dette skuldast at vi har kompetente og kreative medarbeidarar, som verkeleg brenn for jobben sin. Det er moro å få lov til å leie ein slik statsetat, seier MET-direktør Roar Skålin.
Han understrekar at MET er heilt avhengig av eit godt omdømme, for å kunne gjere ein god jobb. – Derfor er det godt å konstatere at publikum har tillit til oss, seier Skålin.
Ipsos si omdømeundersøking omfattar 88 etatar, 95 bedrifter og 47 organisasjonar. Undersøkinga vart gjort mellom april og august, og kvar undersøking omfatta tusen intervju. Heile folket er spurt, og altså ikkje berre dei som har kjenskap til verksemdene.
Best på fire av fem faktorar
I vurderinga av etatar, er det lagt vekt på fem faktorar: Totalinntrykk, samfunnsansvar, effektivitet og økonomisk styring, openheit/informasjon, og kompetanse/fagkunnskap. Meteorologisk institutt er på topp på fire av desse faktorane, og nummer to på effektivitet og økonomisk styring.
Dei som folk flest har eit forhold til, kjem også best ut i omdømemålinga. MET utmerkar seg på tydeleg identitet kombinert med å gjere ein god jobb, ifølge Ipsos.
NRK har best omdøme av bedriftene, medan Kreftforeningen er på topp av organisasjonane.
– I særklasse
– Meteorologisk institutt er i ei særklasse, og dei er så heldige at dei arbeider med nordmenn sitt favorittema, noko som gjer at dei er like høgaktuelle kvar dag, sa Kristin Pran i Ipsos Norge på omdømeseminaret i dag.
Samfunnsansvar har lenge vore den viktigaste drivaren for eit godt omdøme, ifølge Ipsos, og det har stadig blitt viktigare. Dei fleste verksemdene skårar dårlegare på samfunnsansvar enn på totalinntrykk. Ei undersøking frå Storbritannia viser at ein av tre meiner samfunnsansvar bør vere viktigare enn profitt. Og femti prosent vil ikkje jobbe for selskap som ikkje opptrer i tråd med sine eigne etiske retningslinjer.