MET tilbake på omdømetoppen
Meteorologisk institutt er tilbake på omdømetoppen, syner årets profilundersøking frå Ipsos.
MET skårar i år høgast av 95 etatar i kategorien totalinntrykk. I fjor blei vi nummer to, bak Folkehelseinstituttet, etter femten samanhengande år på omdømetrona. Folkehelseinstituttet er i år nummer to, føre Noregs bank på tredjeplass.
– På MET er vi glade for å vere tilbake på omdømetoppen etter eitt år som nummer to av norske etatar. Det viktigaste er likevel at den norske befolkninga år etter år har eit godt inntrykk av MET. Det viser at vi leverer nyttige tenester til samfunnet og at befolkninga tykkjer vi gjer det på ein god måte, seier MET-direktør Roar Skålin.
Den årlige profilundersøkinga blei presentert av Ipsos i dag. Undersøkinga baserer seg på eit representativt utval på rundt tusen personar, og 95 norske etatar blir vurdert på fem område: totalinntrykk, samfunnsansvar, effektivitet og økonomisk styring, openheit og informasjon, og kompetanse og fagkunnskap.
Målinga omfattar etatar, bedrifter og organisasjonar. NRK har best omdømme av bedriftene.
Årets omdømepris går til NTNU. Omdømeprisen går til ei(n) leiande norsk verksemd, etat eller organisasjon som nordmenn over lang tid har hatt eit godt totalinntrykk av. Det blir lagt størst vekt på totalinntrykk.
Slik blir instituttet vurdert
Totalinntrykk: 84 prosent har eit særs godt eller ganske godt inntrykk av Meteorologisk institutt. Dette er ein auke på tre prosentpoeng frå i fjor, og det nest beste resultatet MET har hatt sidan målingane starta i 2005. Det gode totalinntrykket av MET gjeld alle aldersgrupper i befolkninga, men er aller klårast frå førti år og oppover.
Samfunnsansvar: Folkehelseinstituttet er øvst, med MET på andreplass. 77 prosent har eit særs godt eller ganske godt inntrykk av MET på dette området, noko som er ein auke på eitt prosentpoeng samanlikna med fjoråret.
Effektivitet og økonomisk styring: MET er på fjerdeplass, bak Noregs bank, Folkehelseinstituttet og Statistisk sentralbyrå. 41 prosent har eit særs godt eller ganske godt inntrykk av MET, mens 48 prosent verken har eit godt eller dårleg inntrykk. Dette er ei forbetring på to prosentpoeng frå i fjor.
Openheit og informasjon: 75 prosent har eit særs godt eller ganske godt inntrykk av MET og Folkehelseinstituttet, som begge ligg øvst. For MET inneber dette ein auke på to prosentpoeng frå i fjor.
Kompetanse og fagkunnskap: MET er øvst, med Folkehelseinstituttet på andreplass. 81 prosent har eit særs godt eller ganske godt inntrykk av MET på dette området, noko som er ein auke på to prosentpoeng frå fjoråret.