NorESM: Den avanserte jordsystem-modellen som hjelper oss til å forstå korleis klimaet på jorda vil endre seg framover
Måndag 20. mars lanserte FNs klimapanel (IPCC) siste del i den sjette hovudrapporten om klima. Den norske klimamodellen NorESM er ein viktig bidragsytar og leverandør av berekningar som syner korleis klimaet på jorda blir i framtida.
Det er Meteorologisk institutt, i lag med forskarar ved blant anna NORCE i Bergen, som har utvikla den avanserte jordsystemmodellen. Modellen simulerer klimaendringar på global skala; the Norwegian Earth System Model (NorESM). Med NorESM kan ein berekne både fortidas, notidas og framtidas klima, og endringane av aukte utslepp av drivhusgassar og aerosolar.
– NorESM er eit viktig verktøy for å forstå korleis klimaet vil endre seg, særleg om utsleppa fylgjer eit lågt eller høgt scenario. Forskarar kan formidle resultata frå modellen til politikarar og beslutningstakarar, seier Michael Schulz ved Meteorologisk institutt.
Her kan du lese meir om NorESM på deira heimeside.
Tre store gap å fylle
For å handtere klimaendringar vert det no viktig framover å oppfylle Parisavtalen, ifylgje pressemeldinga frå Miljødirektoratet.
Den sjette hovudrapporten frå FNs klimapanel omfattar tre delrapportar og denne siste synteserapporten. Den syner at klimamåla ikkje er ambisiøse nok.
Det er eit gap mellom kor godt vi er tilpassa klimaendringar i dag, og kor godt vi bør ruste oss for å handtere framtidige endringar. Det blir investert mindre i klimaløysingar enn det som trengst for å tilpasse seg framtida og for å kutte utslepp, seier rapporten.
Bidreg til betre klimavarslingar framover
– NorESM vil fortsette å bidra til betre klimavarslingar framover. Spesielt vil det vere høve for gode framskrivingar av ekstremvêr og sesongmessige klimavarslingar. Betre lokale og regionale klimaprognosar kan vere til stor nytte for forvalting og næringsliv. Spesielt i nordområda og Arktis der klimaendringar allereie er merkbare, seier Ada Gjermundsen.
På Miljødirektoratets heimeside kan du lese meir om hovudfunna i synteserapporten frå FNs klimapanel