sommeren har blitt lenger pressemelding

Oslo-sommaren har blitt 12 dagar lenger

Så langt gir kanskje ikkje årets sommar assosiasjonar til klimaendringar, men for dei siste 30 åra har sommaren faktisk blitt heile 12 dagar lenger i Oslo.

Klimaforsker Ketil Isaksen
Klimaforsker Ketil Isaksen

I dag varer sommaren frå 6. mai og heilt til 26. september i Oslo, dersom vi brukar ein klimatologisk definisjon. Det er den perioden av året då den normale døgnmiddeltemperaturen er over 10 grader. Tidlegere strekte denne perioden seg frå 12. mai til 20. september.

– Sommaren har altså blitt tolv dagar lenger, og gjennomsnittstemperaturen er 1,1 grader høgare når sommaren er på sitt varmaste. Varmetoppen kjem også i gjennomsnitt nokre dagar seinere enn før, seier Ketil Isaksen, klimaforskar ved Meteorologisk institutt.

Han har samanlikna normalperioden 1961-1990 med dei siste 30 åra (1989-2018). Samanlikninga viser at temperaturaukinga er større i siste halvdel av sommaren enn i første halvdel.

– Dette er eit godt eksempel på korleis klimaendringane slår inn over Noreg, seier Ketil Isaksen.

Endringane skuldast ein kombinasjon av naturlege svingingar og ein forsterka drivhuseffekt.

– Vi ser at utviklinga av temperaturen her i Oslo har fleire likheitstrekk med den globale temperaturaukinga. Globalt er oppvarminga vi har observert dei siste 50-60 åra i hovudsak skapt av oss menneske, seier Isaksen.

Graf som viser lengden på sommeren før og nå
Illustrasjon: Ketil Isaksen og Magne Velle / MET
Oslo-Blindern_sommerens_lengde_v3
Graf: Ketil Isaksen / MET
Rafael Dagsrevyen
TV-meteorolog Rafael Escobar Løvdahl presenterte nyheita på Lørdagsrevyen.