Rekordvarm september i Nord-Noreg
For heile landet enda årets september som den tredje varmaste.
Landstemperaturen enda 2,2 grader over normalen i måleserien som går attende til 1901. Frå grensa til Trøndelag og nordover var september “Ekstremt varm”.
– Alt vêr har eit element av klimaendringar i seg no. Vi kan til dømes tydeleg sjå at sommarvarmen strekk seg inn i haustsesongen, samstundes som vinteren krympar, seier klimaforskar Hans Olav Hygen.
I måleserien som går attende til 1901, var september 2016 varmast med 2,4 grader over normalen, og så kjem 1999 med 2,3 grader.
Heile månadsrapporten finn du her.

Nord-Noreg spesielt usett for klimaendringane
Over 80 stasjonar sette rekord for varmaste september, dei fleste i Nord-Noreg.
– Klimaendringane råkar ikkje likt over heile kloden. Vi ser at Noreg er eitt av landa som har raskast temperaturauke, og i Noreg er det Nord-Noreg som blir varma mest, forklarar Hygen.

Både Værnes i Trøndelag og Bardufoss i Troms har sett rekord for talet på nordiske sommardagar med 15 og 10 dagar i september. Det vil seie dagar med ein maksimumstemperatur over 20 grader.
Varmt i Arktis
I Arktis var Jan Mayen den varmaste stasjonen med ein gjennomsnittstemperatur på 6,9 grader. Det tilsvarer 2,4 grader over normalen og gjer årets september til den tredje varmaste som er registrert der.
Jan Mayen var også stasjonen som registrerte mest nedbør av dei arktiske stasjonane, med 127,6 mm. Det svarar til 62 prosent meir nedbør enn normalt.
Også Ny-Ålesund, Bjørnøya og Svalbard lufthavn registrerte temperaturar over normalen, høvesvis 2,3, 2,3 og 1,8 grader.
– Igjen har vi registrert ein veldig varm månad på dei arktiske stasjonane våre. På stasjonane med meir enn 100 år med målingar, Bjørnøya og Jan Mayen, var september i år den nest og tredje varmaste som er registrert, fortel klimaforskar Jostein Mamen.
Dei varmaste stasjonane var:
September var “Ekstremt varm” i Nord-Trøndelag og Nord-Noreg. I Sør-Noreg var månaden for det meste “Svært varm” eller “Varm”, der nokre mindre område var “Normal, mild”.
- Færder fyr (Færder, Vestfold) 15,4 grader (1,4 grader over normalen)
- Strømtangen fyr (Fredrikstad, Østfold) 15,0 grader (1,5 grader over normalen)
- Svenner fyr (Larvik, Vestfold) 15,0 grader (1,3 grader over normalen)
- Buholmråsa fyr (Osen, Trøndelag) 14,7 grader (2,8 grader over normalen)
- Oksøy fyr (Kristiansand, Agder) 14,7 grader (1,3 grader over normalen)
- Lindesnes fyr (Lindesnes, Agder) 14,7 grader (1,1 grader over normalen)
Dei kaldaste stasjonane var:
- Gaustatoppen (Tinn, Telemark, 1804 moh) 2,4 grader (1,2 grader over normalen)
- Juvvasshøe (Lom, Innlandet, 1894 moh) 2,5 grader (1,6 grader over normalen)
- Juvflye - Klimapark 2469 (Lom, Innlandet, 1844 moh) 2,9 grader (1,7 grader over normalen)
- Spørteggbu (Luster, Vestland, 1566 moh) 3,7 grader (2,1 grader over normalen)
- Trollheimen – Storhornet (Oppdal, Trøndelag, 1550 moh) 4,5 grader (2,2 grader over normalen)
Dei våtaste stasjonane var:
September var for det meste tørr, med nokre unntak. På delar av Austlandet, i Agder og Rogaland var månaden høvesvis “Våt”, “Svært våt” og “Ekstremt våt”.

På landsbasis fall det 10 prosent meir nedbør enn normalt.
- Søyland i Gjesdal (Gjesdal, Rogaland) 429,0 mm (70 prosent meir nedbør enn normalt)
- Helland i Gjesdal (Gjesdal, Rogaland) 408,9 mm (76 prosent meir nedbør enn normalt)
- Ljosland - Monen (Åseral, Agder) 405,5 mm (155 prosent meir nedbør enn normalt)
- Eik - Hove (Lund, Rogaland) 385,0 mm (75 prosent meir nedbør enn normalt)
- Åseral - Kyrkjebygda (Åseral, Agder) 380,5 mm (121 prosent meir nedbør enn normalt)
- Laudal - Kleiven (Lindesnes, Agder) 371,1 mm (130 prosent meir nedbør enn normalt)
Dei tørraste stasjonane var:
- Skjåk II (Skjåk, Innlandet) 22,5 mm (14 prosent mindre nedbør enn normalt)
- Blanktjernmoen i Kvikne (Tynset, Innlandet) 22,9 mm (44 prosent mindre nedbør enn normalt)
- Tolga (Tolga, Innlandet) 24,0 mm (ingen normal enno)
- Oppdal - Sæter (Oppdal, Trøndelag) 24,4 mm (46 prosent mindre nedbør enn normalt)
- Skibotn II (Storfjord, Troms) 25,0 mm (42 prosent mindre nedbør enn normalt)
- Tynset - Hansmoen (Tynset, Innlandet) 27,0 mm (27 prosent mindre nedbør enn normalt)
Sjå rekordtabellen bakarst i rapporten.
Kontaktpersonar
Hans Olav Hygen, hansoh@met.no