Røyk og støv frå Ukraina og Russland ga høg luftforureining i Noreg
Frå 2. til 4. oktober blei det observert veldig høge nivå av partiklar i lufta på nesten alle målestasjonane for luftkvalitet i Noreg, frå Kristiansand til Bodø.
I Bergen og langs kysten av vestlandet var sikten redusert, og Bergen kommune la ut raudt helsevarsel på grunn av høg partikkelforureining. Dei høge nivåa av forureinande partiklar var eit resultat av langtransporterte partiklar frå område i Russland og Ukraina.
Slik sjekkar du luftkvaliteten på Yr
Frakta med vinden heilt opp til Svalbard
Skogbrannar i Ukraina og ein kraftig støvstorm i steppeområda sør i Russland (mellom det Kaspiske hav og Svartehavet) sørga for at store mengder røyk og støvpartikler blei sleppte ut.
Desse blei transportert over Polen, Nord-Tyskland, Danmark, Sverige og sørlege Finland med sterke vindar, og så vidare gjennom mesteparten av Noreg og så langt nord som til Svalbard.
Forureining frå støv i Russland
Først trudde ein at desse høge nivåa kom av dei ukrainske skogbrannane aleine, men storleiken på partiklene som blei målt på dei norske stasjonane indikerte at mesteparten av partiklane måtte kome frå støv som var blåsne opp frå bakken. Slikt oppkvervla jordstøv er ikkje uvanleg på slutten av vekstsesongen når jorda er bar, spesielt etter tørre og varme periodar - dei same meteorologiske tilhøva som kan leie til store skogbrannar.