temp svalbard bredde
Foto: Mai-Linn Finstad Svehagen

Svalbard: Kaldare enn normalt for første gong sidan 2010

Årets marsmånad braut med ei årelang rekke av temperaturar over normalen på Svalbard.

Med ein snittemperatur i mars 2020 på -16,2 grader fekk Svalbard lufthamn ein månadstemperatur som var under normalen. Det har ikkje skjedd på 111 månader, sidan november 2010. 

Den globale oppvarminga har nemleg bidrege til at Arktis, og spesielt Svalbard-regionen, har hatt ein usedvanleg langvarig varm periode, også i eit 100-års-perspektiv. 

Ei halv grad kaldare enn normalt

Normalperioden vi samanliknar med er 1961-1990, men målingane går tilbake til 1899.

– I mars blei altså denne unike rekka av månadstemperaturar over normalen broten. Gjennomsnittstemperaturen i mars var på -16,2 grader, og det er 0,5 grader under normalen, seier Jostein Mamen, klimaforskar ved Meteorologisk institutt.

Lite sjøis i Isfjorden

Mars har likevel ikkje vore ein uvanleg kald månad i Longyearbyen.

– Det er verdt å merke seg at heile 50 tidlegare marsmånader er kaldare enn årets mars i ei temperaturserie som går tilbake til 1899, trass i at årets mars har vore dominert av luftmassar som stammar frå nord og nordvest i Arktis. I teorien burde det då vore enda kaldare, men det har mellom anna vore lite sjøis på Isfjorden utanfor Longyearbyen, noko som dreg temperaturen opp, seier Ketil Isaksen, klimaforskar ved Meteorologisk institutt.

Tydeleg unnatak

Ingen andre stadar på kloden skjer oppvarminga raskare enn i Svalbard-regionen. Sidan 1961 har temperaturaukinga vore om lag tre gongar høgare enn i Oslo, og heile seks gongar høgare enn den globale temperaturaukinga. Observasjonar på Svalbard lufthamn viser at temperaturen i gjennomsnitt har stige med 5,6 grader sidan 1961. Til samanlikning har temperaturen på Blindern i Oslo stige med 2 grader i same periode. Globalt har den stige med 0,9 grader.

Les meir

Rapporten Climate Svalbard 2100 blei lansert i Longyearbyen i februar 2018. Den er ein omfattande gjennomgang av klimaendringane Svalbard er vitne til, og gir prognosar for korleis endringane blir mot hundreårskiftet. Rapporten er laga av Norsk klimaservicesenter (Meteorologisk institutt, Bjerknessenteret for klimaforskning, Norges vassdrags- og energidirektorat og NORCE).