nil-castellvi-ZG5_505mUog-unsplash
Foto: Nil Castellví

Kva er Parisavtalen?

Parisavtalen forpliktar nesten alle landa i verda til å jobbe for å avgrense den globale oppvarminga til 2,0 grader. Då må utsleppa av klimagassar reduserast monaleg.

Avtalen blei inngått i Paris 12. desember 2015, og blir rekna som ein milestolpe i global klimapolitikk. Eit hovudmål i avtalen er å avgrense den globale oppvarminga til 1,5 grader - i verste fall 2 grader.

Landa har forplikta seg til å kutte lokalt for å nå dei globale måla, og målet er at vi i 2050 ikkje skal sleppe ut meir enn det som kan bli fanga opp eller fjerna. Kvart land sine konkrete forpliktingar og mål for utslepp, blir fastsett av landet sjølv, og det er ikkje avtalt nokon sanksjonar mot statar som ikkje oppfyller forpliktingane.

Meir lesestoff:

Store Norske Leksikon: Parisavtalen