photo-1580931598664-c75eed1e4dcc
Foto: Vidar Nordli-Mathisen

Klimaendringar, eller global oppvarming - kva er skilnaden?

Global oppvarming er éi form for klimaendring: temperaturstiginga på jorda.

Klimaendringar refererer til all forandring av klimaet - det vil sei forandring av det typiske vêret over tid. Klimaendringar inkluderer temperaturauking, men òg til dømes endring i kor ofte vi får ekstremvêr. Endringane kan vere lokale - det kan altså skje klimaendringar i Tromsø som ikkje skjer i Stavanger, og motsett. 

Det som får mest merksemd er dei globale klimaendringane. Det vil sei endringar i det gjennomsnittlege vêret for heile kloden, og særleg temperaturaukinga.

Menneskeskapte klimaendringar refererer til at klimaendringane er forårsaka av klimagassutsleppa våre. 

Meir lesestoff:

Store Norske Leksikon: Klimaendringer