snøfri vinter
Om nordmenn blir fødde med ski på beina også i framtida er usikkert. Det blir i alle fall dårlegare skiføre i stadig større delar av landet. Foto: Pixabay

Klimastatus 2020: Klimaendringane krympar vinteren

- Vinteren har blitt kortare dei siste 30 åra, og han vil halde fram med å krympe. I 2050 vil meir enn éin million nordmenn bu i område med mindre enn éin vintermånad, 

Det seier klimaforskar Reidun Gangstø Skaland, klimaforskar ved Meteorologisk institutt.

7. januar gikk Klimastatus 2020 av stabelen, og her er nokre av høgdepunkta frå arrangementet.

Sjå videoopptak frå arrangementet

Færre vinterdagar

Eksempla på at vinteren blir kortere er fleire. Februar 2019 var 3,5 grader over normalen, og det vart sett fem fylkesrekordar for høgste månadstemperatur. Vi ser også stadig færre vinterdagar, definert som dagar med temperaturar under null grader. Fleire stedar i landet har mista éin månad med vinter dei siste 30 årea, sammenlikna med dei føregåande 30 åra. Oslo har mista 21 vinterdagar, Tromsø har mista 17, Bergen 7 og Trondheim har mista 15 vinterdagar.

- Langs heile kysten får vi stadig fleire år heilt utan vinterdagar, og mot slutten av hundreåret vil dei kunne forsvinne heilt dersom dagens utslippsnivå av klimagasser held fram, seier Skaland.

Prognosane viser at Trondheim vil få omkring 50 vinterdagar i 2050, mot 67 i dag. Tromsø vil få om lag 80 dagar mot 120 i dag, mens Oslo går frå 76 i dag til 50 dagar i 2050. Bergen går frå 25 dagar i dag til 10-15 dagar i 2050.

Mildare vêr, meir risiko

Naturleg nok blir skisesongen stadig kortare, men endringane får også andre konsekvensar. Vekslinga mellom mildvêr, regn og frost gir utfordringar for både plante- og dyreliv, og auka risiko for både skred og flaum. Mer holke gir vanskelegare køyreforhold.

bente
Statsmeteorolog Bente Wahl oppsummerte vêråret 2019. Foto: Anna Kathinka Dalland Evans

Vêråret 2019: Varmt, vått og variert

Sjølv om 2019 ikkje var eit ekstremt vêrår, vart det mange rekordar både for nedbør og temperatur. April hadde ein gjennomsnittstemperatur 3,3 grader over normalen, og vart den nest tørreste og nest varmaste registrert i Noreg. Mai vart den fjerde våtaste månaden som nokon gong er målt, med 175 prosent av den normale nedbørsmengda for denne månaden.

Juli var ein kontrastfylt månad med heile ni fylkesrekordar, der fem av desse var for kaldaste temperatur målt i fylket, og fire av desse var for varmaste temperatur nokon gong målt. Noregsrekorden for høgste temperatur vart også tangert, med heile 35 grader i Mosjøen. 28. juli var det tropenatt i Sømna i Nordland, og ikkje på noko tidspunkt i løpet av natta sank temperaturen under 26,1 grader. Det er den varmaste tropenatta som nokon gong er målt i Noreg.

I Oslo vart heitebølga i slutten av juli avløyst av lyn og torden då temperaturen sokk frå 30 grader på ettermiddagen til 13 grader dagen etter. Det vart også sett rekord for styrtregn, med 21 millimeter nedbør på ti minuttar. 2019 vart i Oslo det fjerde våtaste året nokon gong målt. Samtidig vart det målt 42 rekordar for lågaste månadsnedbør på Vestlandet. To stasjonar på Vestlandet fikk berre mellom 75 og 85 prosent av den normale årsnedbøren. 

Vêråret 2019 i tal

Vinteren forsvinn på Svalbard

Svalbard er den staden der klimaendringane skjer raskast. Størst er oppvarminga om vinteren, ettersom det har blitt betydeleg mindre vinteris på fjordane og havområda rundt øya. Kalde vinterdagar er reduserte betydeleg, definert som dagar med temperatur under minus ti grader. Medan det i 1910 var 150 slike dagar i 1910, er det i dag i snitt 50 vinterdagar. 

Ein konsekvens av oppvarminga er at isen flyttar seg opp på land. Tundraen blir dekka av is, og gir utfordringer både for dyreliv og for ferdsel i området. Den delen av nedbøren som kjem som snø går også ned.

Korleis har vêret vore hos deg?

Klimaforskar Helga Therese Tillay Tajet presenterte Meteorologisk institutt sin nye portal for klimadata Seklima. Her kan kven som helst hente ut klimastatistikk med utgangspunkt i stad, tidsrom eller vêrtype. Du kan med andre ord finne ut nøyaktig korleis vêret var der du bur på en gitt dato.

 

Metoden bak tala

Det finst ulike metodar for å berekne talet på vinterdagar. Den offisielle metoden er å først berekne døgnnormalar (gjennomsnitt for kvar dag i normalperioden) som ein glatta kurve gjennom månaden og deretter telje dagar med middeltemperatur under null grader blant desse estimerte døgnnormalane. Denne metoden gir det mest robuste talet for vinterdagar når ein skal samanlikne to offisielle normalperiodar.

Ein annan metode er å bruke målingar frå enkeltdagane i periodane som vert samanlikna, når ein tel dagar med middeltemperatur under null. Dette vil gi litt større variasjonar i talet på vinterdager kvart år enn når ein brukar døgnnormalane som utgangspunkt. Samtidig vil denne metoden samsvare litt meir med det opplevde talet vinterdager. Dei to metodane gir i dei fleste tilefelle liten skilnad når ein ser på sjølve endringa frå ein periode til ein annan. 

I denne saka har vi brukt målingane på enkeltdagar i dei to 30-årsperiodane 1961-1990 (offisiell normalperiode) og dei siste 30 år når vi har berekna talet på vinterdager. Den nye offisielle normalperioden (1991-2020) blir lansert i 2021.