Farevarsling av snø erstattar "vanskelege køyretilhøve"
Grunnen til at vi fasar ut vanskelege køyretilhøve er at dette farevarselet er ein konsekvens av eit fenomen (snø), og MET skal ha fokus på å varsle fenomen (snø, vind, regn, regnbyer og så vidare).
Farevarselet for vanskelege køyretilhøve har også hatt eit subjektivt preg, som har gjort det vanskeleg å standardisere og verifisere farevarsla. Men også andre statlege samarbeidspartnar, som Statens Vegvesen, har vore med i arbeidet med å utarbeide kriteria og forme konsekvenssetningane og tilrådingane som kjem ut i farevarsla. Brukarane av farevarsla vil få meir spissa og detaljert informasjon, og talet på bomvarsel skal bli redusert, fortel statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.
Etter planen skal "vanskelege køyretilhøve" bli fasa ut etter vintersesongen, dvs i løpet av sommaren.
Ulike kriterium
Farevarselet for snø vil ha ulike kriterium ut i frå kvar du held deg i landet og om du er i låglandet eller i fjellstrok. Utsending av farevarselet for snø vil også vere konsekvensbasert, der vakthavande meteorolog tek omsyn til faktorar som tida på året og tidspunkt i veka og på dagen, stad, terreng og om det er store hendingar i området, som t.d. militærøving.
Kriteria er retningsgjevande, og vakthavande meteorolog kan tilpasse farenivået etter forventa konsekvens.
Om det er venta snøfokk, men kravet for utsending av farevarsel for sterke vindkast eller snø ikkje er stetta, kan det likevel bli sendt ut eit farevarsel for vanskelege køyretilhøve der det blir informert om snøfokk. Til vintersesongen 2019/2020 er det planlagt eit eige farevarsel for snøfokk og eit farevarsel for is.
Les meir om farevarsling for snø, eller les om systemet for farevarsel generelt.