Avslutta: Oransje farevarsel om svært mykje regn i delar av Vestland fylke
12. november klokka 10.15:
Frå torsdag kveld og til fredag kveld kom det svært mykje regn i midtre og indre delar av Vestland fylke. Fleire stader kom det over 100 mm på 24 timar og opp mot 200 mm på 48 timar dei to siste døgna. Opstveit fekk 131,0 mm på 24 timar, og Myrkdalen-Vetlebotn fekk 197,3 mm på 48 timar.
Det oransje farevarselet for svært mykje regn i delar av Vestland fylke er no avslutta.
Observasjonar frå kl 07:00 10. november til 07:00 11.november:
Stasjonsnavn | moh | Fylke | RR | % av normal | |
---|---|---|---|---|---|
1 | 47890 - Opstveit | 38 | Vestland | 131.0 | 36.3% |
2 | 56520 - Hovlandsdal | 85 | Vestland | 129.5 | 35.2% |
3 | 47820 - Eikemo | 178 | Vestland | 125.2 | 41.6% |
4 | 52930 - Brekke i Sogn | 240 | Vestland | 121.6 | 31.7% |
5 | 51250 - Øvstedal | 316 | Vestland | 117.7 | 34.2% |
6 | 50865 - Gullfjellet | 345 | Vestland | 105.1 | 21.8% |
7 | 51990 - Myrkdalen-Vetlebotn | 700 | Vestland | 99.6 | 25.3% |
8 | 50351 - Samnanger II | 367 | Vestland | 97.9 | 27.0% |
9 | 52310 - Modalen III | 125 | Vestland | 93.0 | 32.2% |
10 | 49080 - Øvre Krossdalen | 342 | Vestland | 88.5 | 40.2% |
Tabell 1: Topp 10 observasjoner for 2022-11-10 07:00 til 2022-11-11 07:00, 24 timer.
Observasjonar frå kl 07:00 11. november til 07:00 12. november:
Stasjonsnavn | moh | Fylke | RR | % av normal | |
---|---|---|---|---|---|
1 | 51250 - Øvstedal | 316 | Vestland | 98.5 | 28.6% |
2 | 51990 - Myrkdalen-Vetlebotn | 700 | Vestland | 98.3 | 25.0% |
3 | 56010 - Høyanger Verk | 15 | Vestland | 91.5 | 36.6% |
4 | 56520 - Hovlandsdal | 85 | Vestland | 80.0 | 21.7% |
5 | 49080 - Øvre Krossdalen | 342 | Vestland | 78.8 | 35.8% |
6 | 52930 - Brekke i Sogn | 240 | Vestland | 69.0 | 18.0% |
7 | 52310 - Modalen III | 125 | Vestland | 68.2 | 23.6% |
8 | 53160 - Jordalen - Nåsen | 614 | Vestland | 65.4 | 30.7% |
9 | 55820 - Fjærland - Bremuseet | 3 | Vestland | 63.3 | 31.2% |
10 | 62900 - Eide på Nordmøre | 49 | Møre og Romsdal | 62.5 | 29.3% |
Tabell 2: Topp 10 observasjoner for 2022-11-11 07:00 til 2022-11-12 07:00, 24 timer.
Oppdatert 11. november:
Frå torsdag kveld og til fredag kveld er det venta svært mykje regn i midtre og indre deler av Vestland fylke. Eit nedbørfelt som strekker seg frå Azorene og heilt til Norge sørger for mildt og vått ver på Vestlandet. Observasjonar gjort fredag morgon syner at fleire stasjonar har passert 100 millimeter siste nedbørdøgn.
I midtre og indre delar av Vestland, syner progonsane at det framleis skal komme ein god del nedbør fram til i kveld, lokalt 50-80 millimeter. Nedbøren vil gradvis roe seg i kveld og gå over til spredte byger. Samstundes som nedbøren gjev seg, så vil temperaturen falle og snøgrensa vil synke i fjellet.
Dei største nedbør-observasjonane gjort fredag 11.11. kl 07:
Stasjonsnavn | moh | Fylke | RR | % av normal for nov | |
1 | 56520 - Hovlandsdal | 85 | Vestland | 129.5 | 35.2% |
2 | 47820 - Eikemo | 178 | Vestland | 125.2 | 41.6% |
3 | 52930 - Brekke i Sogn | 240 | Vestland | 121.6 | 31.7% |
4 | 50865 - Gullfjellet | 345 | Vestland | 105.1 | 21.8% |
5 | 47890 - Opstveit | 38 | Vestland | 103.9 | 28.8% |
6 | 51990 - Myrkdalen-Vetlebotn | 700 | Vestland | 99.6 | 25.3% |
7 | 52310 - Modalen III | 125 | Vestland | 93.0 | 32.2% |
8 | 49080 - Øvre Krossdalen | 342 | Vestland | 88.5 | 40.2% |
9 | 52860 - Takle | 38 | Vestland | 88.4 | 26.3% |
10 | 56010 - Høyanger Verk | 15 | Vestland | 86.5 | 34.6% |
Første farevarsel torsdag 10.11:
Frå torsdag kveld og til fredag kveld er det venta svært mykje regn i midtre og indre deler av Vestland fylke. I tillegg er det sendt ut farevarsel for regn på gult nivå for kysten av Vestland fylke, sørlege deler av Møre og Romsdal og Nord-Rogaland.
I midtre og indre delar av Vestland fylke syner prognosane foreløpig at det er venta 80-120 mm, lokalt opp mot 150 mm på 24 timar. Nedbøren begynner først i ytre del, og sluttar sist i indre del.
På kysten av Vestland fylke er det lokalt venta 60-100 mm på 24 timar frå torsdag kveld til fredag kveld.
Ryfylke kan vente seg 50-60 mm på 12 timar frå midnatt til fredag og fram til midt på dagen fredag.
Sunnmøre kan vente seg 60-70 mm på 24 timar frå seint torsdag kveld til seint fredag kveld.

Følg med på oppdaterte varsler på yr.no/farevarsler.
I ukene etter hendelsen evaluerer vi farevarselet og publiserer en rapport på https://www.met.no/publikasjoner/met-info/ekstremvaer.