ECMWF - European Centre for Medium-Range Weather Forecasts
Hovudoppgåva til det europeiske vêrvarselsenteret (ECMWF) er å utvikle numeriske modellar for å lage vêrprognosar for inntil ti døgn og formidle desse til medlemslanda. Utvikling av metodar for sesongvarsling er eit nytt satsingsområde ved senteret. ECMWF er svært aktiv i utviklinga av kunstig intelligens-baserte vêrvarslingsmodellar. I tillegg til hovudkontoret i Reading (England) har ECMWF også lokaliteter i Bolognia i Italia og Bonn i Tyskland.
EUMETSAT - the European Organisation for the Exploitation of Meteorological Satellites
EUMETSAT er ein vesteuropeisk organisasjon for drift og utnytting av meteorologiske satellittar.
Gjennom geostasjonære satellittar og satellittar i polar bane overvaker EUMETSAT vêr, klima, hav, land og samansetjinga av atmosfæren. Organisasjonen leverer viktige data til vêrvarsling, klimaovervaking og handtering av katastrofar. Samarbeidet gjennom EUMETSAT gjer det mogleg for europeiske land å oppretthalde eit nettverk av satellittar som leverer nøyaktig og påliteleg satellittinformasjon, noko som bidreg til å verne liv og eigedom mot ekstremvêr.
EUMETNET - the Network of European Meteorological Services
EUMETNET er eit nettverk mellom dei nasjonale europeiske meteorologiske institutta som støttar deling av ressursar og kompetanse, noko som aukar effektiviteten og resultata hos medlemsorganisasjonane. Gjennom dette samarbeidet får dei europeiske nasjonale meteorologiske institutta tilgang til meir data og større kapasitet til å utnytte desse dataa til fordel for og til vern av befolkninga.
Internasjonalt samarbeid
Det finst meteorologiske internasjonale samarbeid om observasjoner, datadeling, verprognosar og satellittar
Verdas meteorologiorganisasjon er FN-systemet si autoritative stemme innan vêr, vatn og klima. Sidan vêr, klima og den hydrologiske syklusen ikkje kjenner nasjonale grenser, er internasjonalt samarbeid på globalt nivå avgjerande for å kunne gi vêrvarsel, overvake og forstå klimaendringane samt for operativ hydrologi. WMO legg til rette for eit slikt internasjonalt samarbeid mellom sine 193 medlemsstatar og territorium.