Vêrstasjonen Eik-Hove står ute i Hovsvatnet under ekstremvêret Synne, 6. desember 2015.
Vêrstasjonen Eik-Hove står ute i Hovsvatnet under ekstremvêret Synne, 6. desember 2015.
Foto: Jon Atle Eie/NVE

Kva er eit ekstremvêrvarsel?

Ein sjeldan gong kan vêret bli til stor fare for liv og verdiar, dersom samfunnet ikkje er førebudd. Eit ekstremvêrvarsel er ei vêrhending på raudt nivå som har fått namn. Sender Meteorologisk institutt ut eit slikt varsel, bør du sette i gang tiltak som sikrar verdiane og reduserer øydeleggingane.