Regn
Tidsperiode nedbør | Farenivå | Kommentar |
6 timar | gult/oransje/raudt | Ikkje i Longyearbyen, i mangel på målingar til å lage kriterium |
12 timar | gult/oransje/raudt |
|
1 døgn | gult/oransje/raudt |
|
Tabellen syner dei ulike nivåa av varsemd ein kan sende for kvar varigheit av regn. Fargane skildrar ein utfordrande (gul), alvorleg (oransje) og ekstrem (raud) situasjon.
For meir informasjon om styrtregn, sjå her
Det blir ikkje sendt ut ekstremvêrvarsel for regn med varigheit på 2-3 døgn (utanom Longyearbyen). Dei mest alvorlege konsekvensane blir då dekte av flaum- og jordskredvarsel frå NVE.
I samband med danninga av lågtrykk får vi frontar som har med seg regn (stratiform nedbør). Stratiform nedbør strekk seg over store område, og gir jamt med nedbør. Men på grunn av kompleks topografi i Noreg vil det likevel vere ein del skilnad i nedbørmengde. Nedbøren vil auke med høgda, ettersom nedbøren blir laga i skyprosessar som skjer under 2500 meter og er påverka av fjell. Den mest kraftige nedbøren kjem oppstraums på lo-sida av fjellet, medan le-sida (nedstraums) har tørre tilhøve. I Sør-Noreg er det vanleg ved vestavêr å tenke Vestlandet som lo-sida (oppstraums), medan Austlandet ligg på den tørre le-sida (nedstraums).
Styrken til pålandsvinden er med på å bestemme kvar det fell mest nedbør. Er pålandsvinden svak, fell mesteparten av nedbøren i ytre strok. Er pålandsvinden sterk, fell meir nedbør nedstraums (indre strok). Derfor er det ofte slik at når det kjem mest nedbør i indre strok, bles det storm på kysten, og når det kjem mest nedbør i ytre strok, bles det ikkje like mykje på kysten.
Stratiform nedbør opptrer i samband med lågtrykk over heile landet året rundt, men er hyppigast om hausten. Kald luft inneheld langt mindre vassdamp enn varm luft, men om vinteren kan konsekvensane av regn potensielt vere større. Her vil faktorar som tele i jorda, temperatur, istilhøve i vassdrag/terreng/drenering og snømengde spele inn i vurderinga av eit eventuelt farevarsel. For eksempel kan regn i kombinasjon med snøsmelting og tele i jorda gjere at farevarsel for regn blir sendt ut på lågare kriterium enn det som hadde vore vanleg på andre tider av året.
Konsekvensar av regn
Farevarsel for regn blir sendt ut for å iverksette respons mot overvatn. Problem med overvatn kan ventast over store område, ikkje berre lokalt. Overvatn gir størst problem om jorda er vassmetta eller det er hard overflate som eksempelvis asfalt eller frost i bakken.
Flaum og jordskred er også vanlege konsekvensar av regn, men Flaum- og jordskredvarslinga hos NVE sender ut eigne farevarsel for desse farane.
Det er begrensa samanheng mellom sjeldanheita og skadeomfanget, sidan også ikkje-meteorologiske faktorar spelar ei stor rolle. Vasskadestatistikk blir oppdatert kvart kvartal.
Nedbørverdiar for gult, oransje og raudt
Figurane nedanfor syner omtrent kva kvart farenivå tilsvarar i millimeter nedbør ulike stadar i landet. Gult, oransje og raudt ved høg sannsynlegheit svarar til omlag 5-, 10- og 50-års returverdiar.
Farevarsla skal vere baserte på venta skadeomfang, det vil seie at ein analyse av vêrutvikling, demografi, infrastruktur og jordsmonn også skal vere med i vurderinga.
6-timars nedbør

12-timars nedbør

Tilsvarande for Longyearbyen:
Gult: Desember-juli 15+/-5 mm, august-november 20+/-5 mm
Oransje: Desember-juli 20+/-5 mm, august-november 25+/-5 mm
Raudt: Desember-juli 25+/-5 mm, august-november 30+/-5 mm
24-timars nedbør

Tilsvarande for Longyearbyen:
Gult: Desember-juli 20+/-5 mm, august-november 25+/-5 mm
Oransje: Desember-juli 25+/-5 mm, august-november 30+/-5 mm
Raudt: Desember-juli 30+/-5 mm, august-november 35+/-5 mm