Skjermbilde 2018-05-30 22.38.36

Snøfokk

Frå 1. november 2019 sender vi ut farevarsel for snøfokk, basert på førehandsdefinerte kriterium. Dette faser ut farevarselet for “vanskelege køyretilhøve”. Når vi sender ut farevarsel for snøfokk, blir vanskelege køyretilhøve gjerne ein av konsekvensane.

Farevarselet for snøfokk blir sendt om det er venta snøver og vind, eller opphaldsver med vind og laus snø tilgjengeleg. Dette farevarselet blir kun varsla på gult nivå. Det blir ikkje sendt METfare Snøfokk i eit område som allereie har farevarsel for snø/vindkast/polart lågtrykk, ettersom snøfokk er nevnt som en konsekvens her. 

Det er ingen spesifikke kriterier for når ein skal varsla snøfokk, men følgjande tilhøve må vere til stades:

  • siktreduksjon
  • minusgrader og tørr laus snø (>10 cm)
  • kuling eller sterkare vind

 

Snøfokk vil primært bli varsla for fjellovergangane over skoggrensa. Men også i låglandet om kriteria er oppfylt. Finnmark er særs utsett for snøfokk i låglandet.