Is
Farevarsel om is/mykje is er for hendingar der årsaka er omslag til mildêr, underkjølt regn eller frosttåke. Når vi sender ut farevarsel om is/mykje is, blir vanskelege køyretilhøve gjerne ein av konsekvensane.
See below for English
Farevarselet om is/mykje is er for hendingar der årsaka er omslag til mildvêr, underkjølt regn eller frosttåke. I slike høve kan det oppstå eit islag på vegar og andre overflater, som kan forvekslast med våte flater. Det kan føre til farlege situasjonar, og vanskelege køyretilhøve er gjerne ein av konsekvensane.
Vêrsituasjonar som kan gi farevarsel om “is” og “svært mykje is”
Omslag til mildvêr med regn:
Dette er kanskje det mest vanlege fenomenet. Omslag til mildvêr med regn kan føre til at regn frys på kald bakke eller gjer snødekte vegar om til is/hålke. Farevarselet bør vere gyldig så lenge "overraskingsmomentet" er til stades, normalt 6-9 timar. Fenomenet kan gi farevarsel på gult og oransje nivå.
Omslag til mildvêr utan regn:
Omslag til mildvêr og plussgrader, utan regn, kan føre til hålke etter ein kuldeperiode. Farevarselet bør vere gyldig så lenge "overraskingsmomentet" er til stades, normalt 6-9 timar. Fenomenet kan gi farevarsel på gult nivå.
Underkjølt regn/yr:
Regndropar (eller yrdropar) som er underkjølte, kan fryse nesten momentant når dei treffer eit objekt eller ein veg. Fenomenet kan gi farevarsel på gult og oransje nivå.
Frosttåke:
Tåke som legg eit lag med kvit rimis på objekt eller vegar. Dette kan vare i fleire dagar. Fenomenet kan gi farevarsel på gult nivå.
For å lære meir om underkjølt regn og frysande regn, syner vi til denne Yr-saka.
Ice
11.11.2025
The warning for ice/heavy ice is issued for events caused by a shift to milder weather, freezing rain, or freezing fog. In such cases, a layer of ice may form on roads and other surfaces, which can be mistaken for wet surfaces. This can lead to dangerous situations, and difficult driving conditions are often one of the consequences.
Weather situations which may warrant warnings for "ice" and "heavy ice."
Shift to mild weather with rain:
This is perhaps the most common phenomenon. A transition to mild weather with rain can result in rain freezing on cold surfaces or turning snow-covered roads into ice/slush. The warning should remain valid for as long as the "element of surprise" is present, typically 6–9 hours. This phenomenon may warrant a yellow or orange level warning.
Shift to mild weather without rain:
A transition to mild weather and above-freezing temperatures, without rain, can lead to icy conditions after a cold spell. The warning should remain valid for as long as the "element of surprise" is present, typically 6–9 hours. This phenomenon may usually warrant a yellow level warning.
Freezing rain/drizzle:
Supercooled raindrops (or drizzle) freeze almost instantly when they hit an object or road. This phenomenon may warrant a yellow or orange level warning.
Freezing fog:
Fog which deposits ice on objects or roads. This can last for several days. This phenomenon may warrant a yellow level warning.
To learn more about freezing rain and drizzle, please refer to this article on yr.no. (Norwegian only.)