Styrtregn
Styrtregn (på fagspråk kalla konvektiv nedbør) er kraftig regn med kort varigheit, ofte omtalt som bygevêr i varsel frå meteorologen. I bygevêr kan det vere tørt ein stad, medan regnet høljar ned like i nærleiken. Det at det regnar så intenst over en kort tidsperiode gjer at det svært ofte blir utfordringar med overvatn, og særleg då i tettbygde område, på vegar eller andre stadar med mange tette flater eller dårleg drenering. Lyn, tore, hagl og kraftige vindkast høyrer ofte saman med styrtregn.
Vi sender egne farevarsel for lyn, les mer om det her.
Andre moglege konsekvensar er bekke- og elveløpsendringar, og jord- og flaumskred der regnbygene treffer. Eit styrtregnvarsel kan bli sendt ut kort tid før regnet treffer, og det vil ikkje bli sendt ut eigne flaum- og jordskredvarsel frå NVE.
I farevarselet for styrtregn blir det nevnt ein frå-og-til periode der det er sjanse for styrtregn på gult eller oransje nivå. Dette betyr ikkje nødvendigvis at vi forventar nedbør i heile varslingsperioden i heile varslingsområdet. Dette kan i nokre tilfelle bety at eit farevarsel for styrtregn nokre stader kan ha blå himmel og sol når farevarselet startar (eller sluttar).
Styrtregn vil ofte utvikle seg raskt på kort tid, og forflytte seg raskt, derfor kan dette skje. Dette er ulikt farevarselet for regn, der farevarselet etter beste anslår nøyaktig når regnet startar og sluttar, inkludert anslag av total mengde. Farevarsla skil mellom “styrtregn” og “regn” ettersom dette har mykje å seie for usikkerheita til prognosane og dei tilhøyrande skadeutfordringane. Eit farevarsel for regn har langt større varslingsikkerheit enn eit farevarsel for styrtregn.
Sjå her for meir informasjon om farevarselet regn.
Det blir ikkje sendt ut ekstremvêrvarsel (raudt nivå) for nedbør som varer mindre enn seks timar. Oransje nivå er høgste nivå, “svært kraftig styrtregn”, og kan gi generelle skadar i det området som blir råka av den intense nedbøren. Farevarsel for styrtregn blei innført før sommaren 2020, og det er nødvendig med meir erfaring om varsling, kriterium og konsekvensar før raudt nivå eventuelt innføres.
Det farlege styrtregnet er som oftast særs lokalt, sjølv om varselet er sendt for eit større område. Nokre stader vil berre få vanleg bygevêr og andre får ikkje nedbør i det heile teke. Nedbøren i bygene blir som oftast danna i skyer som strekker seg høgre enn 2000 meter, og er lite påverka av fjell. Skyene er oftast størst når det er varmast utpå ettermiddagen. Viss lufta er ustabil nok og oppvarminga er tilstrekkeleg kan desse skyene utvikle seg til toreskyer. Ved kraftige byger kan ein oppleve aukande vind ved bakken kort tid før eller etter bygene.
Vasskadestatistikk blir oppdatert kvart kvartal.
Retningsgjevande kriterium
For styrtregn er det 1-times nedbør som blir vurdert. Er det sannsynleg at det kjem nedbørmengder over kriteria for styrtregn, blir det sendt eit farevarsel for styrtregn. Det blir ikkje skild mellom by og land. Kriteria for styrtregn er synte i tabellen nedanfor.
Farenivå | 1-time nedbør |
Gult | >20 mm |
Oransje | >35 mm |
Dersom det er venta lyn, i tillegg til at venta nedbørmengde overstig kriteria for styrtregn, så skal begge farevarsla vere sendt.
Tidlegare hendingar syner at ei typisk ettermiddagsbyge om sommaren gjev 10 til 20 millimeter i løpet av ein halv time. Når vi observerer meir organisert byeaktivitet og stilleståande vêr, kan det kome så mykje som 100 millimeter på kring tre timar.